Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen skule – lunsj på Todalshytta

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. juni 2021

Den planlagte sommaravslutninga ved Todalen skule onsdag kveld vart avlyst på grunn av vêrutsiktene. Men torsdag nytta elevane og dei tilsette finvêret til å ta turen til Todalshytta for å ete «Todalsburger» med tilbehør til lunsj. Lunsjen vart servert utandørs, slik at elevane og dei tilsette fekk nyte den fine utsikta nedover bygda og skulen.

Arve serverer drikke. Foto: Britt Mossing

Arve og resten av vertskapet på Todalshytta tok i mot gjengen  på om lag tretti og varta opp med ein av Todalshytta sine «spesialitetar», nemleg «Todalsburger» med tilbehør. 

Vêret var bra, så lunsjen kunne serverast og nytast utandørs i dei nye utemøblane på Todalshytta. 

Lunsj i det fri! Foto: Britt Mossing

Både mat og atmosfære gjorde lunsjen fullkomen denne dagen, så det var ein godt nøgd og mett gjeng som dro attende til skulen for å ta fatt på dei siste skuletimane!

Todalen skule takkar Arve og gjengen på Todalshytta for ein god og smakfull lunsj! 

Nokre bilete til frå gårsdagens lunsj på Todalshytta, kan du sjå under: 

 

Publisert: 18. juni 2021, 05:00