Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ut skuleporten for aller siste gong!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. juni 2021

I dag gjekk elevane ved Todalen skule ut skuleporten for aller siste gong. No ventar to månader med sommarferie, og til hausten byrjar elevane ved Stangvik skule på Evenshaugen og ved Surnadal barne- og ungdomsskule på Øye. I dag vart dørene ved Todalen skule stengt for aller siste gong, og 101 år med skuledrift i bygningane frå 1920, går no altså over i historiebøkene.

Britt Mossing viste fram historiske lysbilete. Foto: Laila K. Bergli

Sidan det var siste dag, starta elevane med å sjå film. FAU ved Todalen Oppvekstsenter møtte opp med is og popkorn, som elevane kunne kose seg med medan dei såg film.

Siste filmframsyning ved Todalen skule er akkurat ferdig. Foto: Laila K. Bergli

Etter filmen viste rektor ved Todalen skule, Britt Mossing historiske lysbilete frå da skulen var ny i 1920 og fram til i dag. Fleire av foreldra møtte òg opp og fekk vere med å sjå lysbileta. Så her var det mange, både elevar og foreldre, som fekk sjå for-/beste- og oldeforeldre, som har vore elevar ved skulen opp gjennom åra.  

Britt Mossing viste historiske lysbilete. Foto: Laila K. Bergli

Etter lysbileteframsyninga var det tid for quiz som Endre Talgø hadde laga. Her var det konkurranse mellom elevane og foreldra. 5. – 7. årstrinn gjekk av med sigeren!

Historiske lysbilete fenga elevane. Foto: Laila K. Bergli

Marit S. Lediard gav alle elevane i 5. – 7. årstrinn eit sjølvlaga album. Endre Talgø og Eline D. Årestrup hadde laga album til 1. – 4. årstrinn. Det sette alle elevane stor pris på, og blir eit minne for livet.  

Todalen skule si fane. Foto: Line M. Kvendset

5. – 7. årstrinn hadde baka kaker. Så før alle drog heim, vart det servert kaker og kaffe til dei vaksne og kaker til elevane. 

Kahoot var populært. Foto: Laila K. Bergli

Til slutt delte Line M. Kvendset og Anders Gjeldnes, på vegne av FAU, ut ei rose med ei personleg helsing til kvar elev, for å markere at ei lang og innhaldsrik skulehistorie no har gått over i historibøkene.   

Mange foreldre hadde møtt fram for å vere med på aller siste skuledag i Todalen. Foto: Laila K. Bergli

Kva som no vil skje med bygningane ved Todalen skule, er enno ikkje bestemt, men formannskapet i Surnadal kommune skal diskutere etterbruken av bygningane i sitt møte komande torsdag, den 24.juni.

Alle elevane fekk ei rose med ei personleg helsing av foreldra (FAU). Foto: Line M. Kvendset

Da attstår det berre å ønskje elevar og tilsette god sommarferie og lykke til ved nye skular til hausten!

Personleg helsing. Foto: Laila K. Bergli

Under kan du sjå enda fleire bilete frå aller siste skuledag ved Todalen skule: 

Publisert: 18. juni 2021, 15:21