Fredag 29. oktober er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Opningstida er mellom klokka 12:00 og 17:00. Førehandsbestilling av skulebollar og/eller grovbrød innan onsdag 27. oktober klokka 18:00. Lia gard leverer også, på bestilling, varer til bedrifter.
Les heile saka
Surnadal kino viser no film fem-seks dagar i veka, og frå onsdag av blir det også innført honnørbillett på dagkino i ei stund framover. Det blir vist «seniorkino» klokka 13 på alle kvardagane frå onsdag av, og til neste helg. Og det er litt av eit kobbel av filmar som vil gå:
Les heile saka
Selma har det på stell for dei to kaninane Perneille og Snøfnugg som bur i hagen hos familien Skjerve/Gjeldnes i Bekkerhagan. Her har dei to eit stort bur, med ein underjordisk gang inn til hiet der ei lita varmelampe sørger for at dei har det tørt og varmt når kulda sig på ute.
Les heile saka
Den digitale trimregistreringa «På tur i Todalen» går så det susar. I dag lanserer difor Trimgruppa den 25. turen, etter tips frå ein ivrig brukar. Om vedkommande tykte at 24 var eit uryddig tal, eller at det var fleire som burde ta den fine rundturen i Øyalia, som var grunnen skal ikkje seiast. Uansett er det no mogleg å registrere seg på Berga, kor ny og gammel skogsveg i Øyalia møtes. Registreringa «ligg» rundt benken her.
Les heile saka
I år som i fjor blir det digital innsamling til TV-aksjonen i Surnadal. Vi har erfart at dette er ei god og fleksibel innsamlingsløysing, da det er mange som heller brukar aksjons-søndagen til noko anna enn å vente på ein bøsseberar for TV-aksjonen, skriv Surnadal kommune på sine heimesider.
Les heile saka
Måndag 25. oktober klokka 11:00 går sesongens siste Kløvertur, og den siste Kløverturen går til Toåa tursti. Oppmøte som vanleg på Matkroken Todalen klokka 11:00. Det blir kaffepause i gapahuken ved Båthølen.
Les heile saka
Markus og Ådne trossar regnet og sluddbygene når dei brukar fritida si til fotball på lekeplassen i Bekkerhagan. Midt på fotballbanen står det ei tjønn, så det gjeld å ha godt fottøy når det er aktivitet. I går da det regna mykje mer var det enda ei stor tjønn her, fortel Markus og Ådne mellom avsparka.
Les heile saka
I dag klokka 10:00 starta førehandssalet til Idretttslagsbasaren 31. oktober opp på Matkroken Todalen. Førehandssalet i dag vil foregå fram til klokka 15:00. Kommande fredag, den 29. oktober, vil det vere førehandssal på same stad i tidsrommet frå klokka 15:00 – 17:00.
Les heile saka
Tordenskjold songlag inviterer til countrykveld i Myrvang forsamlingshus laurdag 30. oktober klokka 19:30. Tordenskjold er glade for at det er mogleg å arrangere sosiale samlingar att, og gler seg til å kunne synge for publikum. Billett kr. 250,- ved inngangen.
Les heile saka
Julebordsesongen er like rundt hjørnet, og i år har vi tenkt oss til å prøve oss med julebord for første gong, seier Arve Evensen, som er vert på Todalshytta. Han fortel vidare at dei to varmepumpene som vart installert på vårparten har gjort at vi har fått ein ny verden på Todalshytta, og no er det altså julebord som blir den neste utfordringa.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening er aktive i nærmiljøet – laurdag (23. oktober) er det strikkekaffe som står på programmet, og den foregår i tidsrommet 13.00 til 16.00 i Sanitetshuset som vanleg. Her blir det kaffepause med noko attåt, fortel arrangementskomiteen, som ønskjer alle velkomne – med eller utan strikking.
Todalen sanitetsforening samlar også i år inn julegåver for å sende til Estland. Julegåveinnsamlinga har etter kvart vorte ein tradisjon for Todalen sanitetsforening i førjulstida, og noko dei har dreve med i mange år no. Dersom du ønskjer å bidra med julegåver, kan desse leveres måndag 1. november mellom klokka 18:00 og 19:30 og tysdag den 2. november mellom klokka 18:00 til 20:30 i Sanitetshuset eller ved å kontakte Maren Ansnes på telefon: 906 86 907.
Les heile saka