Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen  Elveigarlag

Todalen Elveigarlag

LAKS OG AUREFISKE I TOÅA – elva til storauren

Elva Toåa renn gjennom dalføret Todalen, som ligger i Surnadal kommune i Møre og Romsdal. Elva Toåa har sitt utspring i vestre del av Trollheimen, og den strekker seg helt inn i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag fylke. Elva Toåa har en lakseførende strekning på ca 8 km, fra elveutløpet og opp til Storfossen. Fisketid fra 15. juni til 15. august både for laks og sjøaure. Elvaeigarlaget er pålagt midtsesongevaluering av fisket. Salg av fiskekort på Todalshytta og hos Matkroken L. Hals Eftf., og der er det også desinfeksjon av utstyr som har vært brukt i andre elver. Meir informasjon om fisket og fiskekort finn du på www.todalslaks.no.

Først publisert: 19. november 2009, 16:15 - Sist oppdatert: 7. mai 2012, 20:50

Nyheter knytta til Todalen Elveigarlag

Side 3 av 1012345...Siste »

Todalslaksen: – positiv midtsesongevaluering i Toåa.

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juli 2016

Gytebestandsmålet blir nådd med glans i Toåa denne sesongen, seier Ola Bruset, som er eleiar i Todalen elveeigarlag. Frå sesongstart 15. juni og fram til 10. juli er det teke 86 laks og 42 sjøaure i Toåa denne sesongen. Til same tid i fjor var tala 32 laks og 34 sjøaure. I år har det vore eit eventyrleg fiske og fin fiskarelv med god vassføring det meste av den første halvdel av sesongen.


Jamnt godt laksefiske i Toåa

Jon Olav Ørsal Fredag 8. juli 2016

Sjølv om fangstreultata ikkje kan måle seg med første veka, er det framleis jamnt og godt fiske i Toåa. Seinast torsdag dag vart det meldt inn laks på 5,8 kg og onsdag var det fleire fangstar. Den digitale rapporteringa er litt mangelfull, så vi har ikkje heilt oversikt, fortel Ola Bruset i Todalen elveeigarlag. Han oppfordrar alle til å melde inn fangstar som ikkje alt er rapporterte, da elveeigarlaget skal levere midtsesongevaluering til fylkesmannen.


No kan du sjå avdukinga av Ethelbert på nettsida til NRK

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. juli 2016

Storlaksen Ethelbert vart eit døgn forsinka på NRKs lokalsending for Møre og Romsdal. Men tysdag kveld kom innslaget, og no kan du sjå lokalsendinga med innslag om avdukinga på nettsida til NRK.  Klikk deg inn på denne linken.


Avduking av Ethelbert på NRK M&R

Elinor Bolme Måndag 4. juli 2016

I kveld blir det vist eit lite innslag frå torsdagens avduking av fiskestatua på Bruset. Dette skjer på distriktsnyheitene for NRK Møre og Romsdal klokka 18.45.


Torsdag blir «Ethelbert» avduka!

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juni 2016

Du har kanskje oppdaga at det står ein godt innpakka sak på berget der den gamle Brusetløa stod. Torsdag kl 17  blir det nok mykje styr når den skal avdukast og trer fram i sin fulle prakt… Da kjem NRK og mykje folk for å sjå og høre om denne begivenheita. Den er nemleg 160 kg, og […]


Toåa – laksen bit villig vekk….

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juni 2016

Det er god stemning i laksefiskarleiren om dagen. Laksen bit på, villig vekk, og det er vel akkurat slik vi vil at det skal være. Dag 3 har ikkje vore noko unntak, og det rapporteres om godt fiske også i dag. Totalt nærmer vi oss fort 30-talet av laks som er komne på land, og det er ikkje mindre enn ein skikkeleg rekord i «nyare tid». Malling rapporeterer at no har alle gjestane på Todalshytta fått fisk på kroken.


Klondyke på andre dagen i Toåa…

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. juni 2016

Den gode starten på laksefisket i Toåa fortsetter på andre dagen. Vi har ikkje klart å skaffe full oversikt over fangsttala, men eit 20-tals laksar er nok komne i frysaren etter nok ei prodduktiv natt ved elvekanten. Og laksen ser ut til å fortsette å ta agnet som laksefiskarane har å by på. Det blir rapportert fangstar frå både nedre og øvre del av elva.


Laksefiske i Toåa: Eit minne for livet for Andreas!

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. juni 2016

Første turen til Todalen og laksestart i Toåa blir nok eit minne for livet for Andreas Lindbek frå Halden. Han har tilhald på Todalshytta, saman med faren Rune og hans kamerat Frank Haugrim. Ved øvre Teindammen stod Andreas og frista laksen med flue og eihands fluestong, da den første laksen hogg seg fast i flua. Laksen var ikkje så stor, men det var den første laksen i Todalen for Andreas – og gleda var stor!


Flying start på laksefisket i Toåa..

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juni 2016

Allereie første timen kom det fleire laks på land under fiskestarten i Toåa i natt. Det var veldig godt fiske dei første timane og i løpet av natta kom det iallfal 8 laks som vi har fått rapportert – og dei aller fleste er tekne i den øvre delen av elva.


Den siste ventetida er lang…

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. juni 2016

Ved midnatt startar årets elvefiske etter laks og Aure i Toåa. Etter den gode starten på laksefisket i Surna, der fisket starta 1. juni, er det sjølvsagt store forventningar i Toåa også. Eric Malling har opna dørene på Todalshytta for sesongen, og dei første gjestane er sjølvsagt laksefiskarar som skal bu der. Dei siste timane går sakte når du sit og ventar på at klokka skal nå midnatt, men Malling heldt kaffekjelen varm og praten gikk lett – og samtaleemnet var sjølvsagt laksen…


Toåa – laksefisket startar natt til onsdag.

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juni 2016

Tysdag kveld når vi når midnatt startar fisket etter laks i Toåa, og varer fram til 15. august. Det er nok mange som er spente på årets laksefiske og som er klare for å kaste ut snøret når laksefisket settes i gang. – Etter den gode starten som har vore i Surna i år, har […]


Nytt liv til Toåa – sette ut rognboksar

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. februar 2016

Onsdag var det aksjon med utsetting av befrukta rogn i Toåa. Tilsaman 23 000 augerogn vart sett ut i såkalla vibertboksar, der dei fortsett å utvikle seg til yngel og etter kvart forlet den trygge «heimen» dei har i boksen og tek seg ut i elvastraumen. Da startar den farefulle ferda – først ut i elva og seinare mot havet og oppvekst der. Det er nok mange som bukkar under på ferda, av mange årsaker, men nokre kjem kanskje att som fine laksar og kan være med og bidra til å føre genane vidare i Toåa.


Side 3 av 1012345...Siste »