Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trollheimsmarsjen

Trollheimsmarsjen

Søndag 28. august skal folk valfarte over Vardan, frå Todalen over fjellet til Ålvundeidet. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og vart arrangert første gongen i 2008, da begge idrettslaga feira 100-årsjubiluem. Den gongen var det 239 deltakarar som starta fra Bordholmen, og som kom i mål på Leikvoll stadion etter ein fin tur opp Haukålia til Vardan og nedatt Børsetlia til Ålvundeid. Turen over fjellet er 13 km, og er rekna til å ta omlag 5 timar pluss pausar under vegs. Høgaste punktet på turen er på 850 m.o.h., men det meste av turen går i fint og tørt terreng.

På vegen over fjellet er det lagt opp til naturstikonkurranse, der det blir ymse spørsmål med tema frå dei to kommunane Sunndal og Surnadal. Og sjølvsagt blir det premiering, både av naturstikonkurransen og for turmarsjen. Hovudpremien for Trollheimsmarsjen er eit årskort for Trollheimstunnelen når den kjem, men i tillegg blir det 4 gavekort a kr 500 og mange andre premiar som alle blir trekt ut på startnumra. I tillegg er det en pins å få for den som går for 1. eller 3. gong og vidare blir det ny pins etter 5. gong som blir muleg først neste år.

Det blir sett opp buss frå Ålvundeid for transport til startplassen på Bordholmen i Todalen; 3 avgangar med ein times mellomrom. På same måten blir det 3 turar med retur av todalingar og andre, som skal attende til Todalen etter turen over fjellet. På Leikvoll stadion blir det høve til å ta ein dusj for den som vil, og det blir også salg av middag i klubbhuset på Leikvoll.

Dag Nicolay Gjersvoll som er ledar i I.L. Ulvungen og Nils Ove Bruset, som er ledar i Todalen I.L. håpar at mange blir med på turen over fjellet i årets Trollheimsmarsj. Og dersom værgudane samarbeider trur dei det kan bli rekorddeltaking i år. Dei oppfordrar til å ta med godt med mat og klær, og til å ta seg god tid og nyte turen over fjellet. Dei oppfordrar også folk som tek med hund på turen til å halde den band, da det er ein del sauer i turtraseen.

Her finn du plakaten for nedlasting, som inneheld aktuell informasjon om Trollheimsmarsjen 2011.

Vi kjem med meir aktuell informasjon om Trollheimsmarsjen etter kvart, så følg med på Todalen.no.

Publisert: 21. august 2011, 12:28

Nyheter knytta til Trollheimsmarsjen

Trollheimsmarsjen – 46 fikk seg ein kjempefin tur

Jon Olav Ørsal Sundag 8. september 2019

Dei som pakka sekken og stakk til fjells for å delta i årets Trollheimsmarsj fikk seg ein kjempefin dag på turen over Vardan frå Ålvundeid til Todalen. Sjølv om interessen for Trollheimsmarsjen har dala dei siste åra, så fekk iallfall dei som deltok på dagens tur over fjellet ein kjempefin tur i strålande vêr.


Trollheimsmarsjen 2019 – klar for avgang

Jon Olav Ørsal Sundag 8. september 2019

Trollheimsmarsjen 2019 er i gang. Det er i år 10. gong at Trollheimsmarsjen går over Vardan mellom Ålvundeid og Todalen. marsjen vart innstifta i samband med 100.årsjubileet til Todalen I.L. og I.L. Ulvungen. Eigentleg er det 12. gongen at marsjen er tillyst, men 2 gong har det vore avlysing på grunn av vêret.


Søndag er det klart for årets Trollheimsmarsj – blir du med?

Jon Olav Ørsal Fredag 6. september 2019

Trollheimsmarsjen har historie heilt attende til 2008, da Todalen I.L. og I.L. Ulvungen fylte 100 år og som ein del av jubileumsarrangementet starta eit samarbeid om Trollheimsmarsjen mellom Leikvoll på Ålvundeid og til Bordholmen stadion i Todalen. Årets arrangement er det 10. i rekkja, og blir altså arrangert komande søndag 8. september – med start frå Ålvundeid.


Flott tur over fjellet frå Ålvundeid til Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 2. september 2018

Du kunne faktisk ikkje fått betre turvêr enn deltakarane på Trollheimsmarsjen fikk På turen frå Leikvoll på Ålvundeid overfjellet til Todalen og målgang på Bordholmen. I år som i fjor gikk turen frå Ålvundeid og over Todalen og ikkje frå Todalen til Ålvundeid, og det har faktisk gjeve betre deltaking i marsjen. I År var det 68 deltakarar medan det i fjor var 75. Det ser ut til at logistikken fungerer betre på denne måten, seier leiar for TILs trimgruppe Jorunn Nordvik, som var overraska over at halvparten av deltakarane i år var med for første gong.


Trollheimsmarsjen er i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 2. september 2018

Klokka 9.00 starta dei første deltakarane frå Leikvoll på turen over Vardan og til Todalen. Det er i disse dager 10 år sia førte gong trollheimsmarsjen var arrangert i samband med 100-årsjubileet til I.L. Ulvungen og Todalen I.L.. Men dagens marsj er nr 9 i rekkja, for Marsjen har vore avlyst 2 gong i denne perioden. […]


Klart for Trollheimsmarsjen på søndag.

Jon Olav Ørsal Fredag 31. august 2018

I.L. Ulvungen og Todalen I.L. minner om Trollheimsmarsjen som arrangerast komande søndag og at marsjen denne gongen går frå Ålvundeid til Todalen. Deler av merkinga er alt på plass, og søndag morgon er det klart for start mellom kl 9.00 og 11.00. Det er sett opp ein bussavgang frå Todalen til Ålvundeid, med start frå Bordholmen kl 8.30 og påmelding skje ved starten på Leikvoll.


Idag er det klart for årets Trollheimsmarsj!

Jon Olav Ørsal Fredag 24. august 2018

Søndag 2. september er det klart for årets Trollheimsmarsj. I år som i fjor startar Trollheimsmarsjen frå Leikvoll stadion på Ålvundeid, og går opp Børsetlia etter heistraseen og over fjellet til Todalen, der det er målgang på Bordholmen stadion. Starten går frå leikvoll mellom kl 09.00 og kl 11, og det blir busstransport frå Bordholmen til Leikvoll både før start og etter målgang. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L.Ulvungen og Todalen I.L.


41 tok turen over fjellet til Ålvundeid

Jon Olav Ørsal Sundag 4. september 2016

Det vart ein litt regnvåt start på turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid søndag. Men vêrgudane tok seg inn etter kvart og både tåka og regnvêret ga seg etter kvart og gjorde innspurten på dagens Trollheimsmarsj til ei triveleg oppleving. Det er i år 7. gongen at I.L. Ulvungen og Todalen arrangerer Trollheimsmarsjen i […]


Trollheimsmarsjen 2016 – søndag 4. september

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. august 2016

Bli med på Trollheimsmarsjen, oppfordrar I.L. Ulvungen og Todalen I.L. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom dei to laga, og marsjen har start på Bordholmen stadion i Todalen, og går over fjellet til Ålvundeid og har målgang på Leikvoll stadion – tilsaman rundt 13 km frå start til mål.


Fleire bilder frå Trollheimsmarsjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. september 2015

Inge Nordvik gikk Trollheimsmarsjen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid søndag, saman med 38 andre. Todalen.no har fått ein bildeserie frå Inge, som var Drivas mann på turen denne gongen. Her har vi lagt ut bildeserien, som startar på Bordholmen og viser bildeglimt fram til Vardan, der nedfarten til ålvundeidet startar. Bildeglimt frå turen frå Todalen […]


Alle kom velberga over fjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2015

Dagens Trollheimsmarsj fikk ikkje den heilt stor oppslutninga – den usikre vêrsituasjonen får nok ta mesteparten av skulda for det, men konserten på Todalshytta med nærare hundre tilhørarar er nok ei god forklaring på kvifor det var nærast «møssfall» frå todalingane.


Trollheimsmarsjen – dei første har starta på turen over fjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2015

Trollheimsmarsjen er i gang – dei første er forlengst på tur frå Bordholmen og er klare til å ta fatt på Ørsallia på tur til Ålvundeid. I morgontimane regna det godt, og det var litt tvil om det var forsvarleg å sleppe folk over fjellet, men i 9-tida var det verste regnet over, og etterkvart letta skodda. Yr.no melder lettare vêr etter kvart, og det blir nok etter kvart bra turvêr, trur arrangøren. Starten for Trollheimsmarsjen går fram til kl 11 i føremiddag.