Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trollheimsmarsjen

Trollheimsmarsjen

Søndag 28. august skal folk valfarte over Vardan, frå Todalen over fjellet til Ålvundeidet. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og vart arrangert første gongen i 2008, da begge idrettslaga feira 100-årsjubiluem. Den gongen var det 239 deltakarar som starta fra Bordholmen, og som kom i mål på Leikvoll stadion etter ein fin tur opp Haukålia til Vardan og nedatt Børsetlia til Ålvundeid. Turen over fjellet er 13 km, og er rekna til å ta omlag 5 timar pluss pausar under vegs. Høgaste punktet på turen er på 850 m.o.h., men det meste av turen går i fint og tørt terreng.

På vegen over fjellet er det lagt opp til naturstikonkurranse, der det blir ymse spørsmål med tema frå dei to kommunane Sunndal og Surnadal. Og sjølvsagt blir det premiering, både av naturstikonkurransen og for turmarsjen. Hovudpremien for Trollheimsmarsjen er eit årskort for Trollheimstunnelen når den kjem, men i tillegg blir det 4 gavekort a kr 500 og mange andre premiar som alle blir trekt ut på startnumra. I tillegg er det en pins å få for den som går for 1. eller 3. gong og vidare blir det ny pins etter 5. gong som blir muleg først neste år.

Det blir sett opp buss frå Ålvundeid for transport til startplassen på Bordholmen i Todalen; 3 avgangar med ein times mellomrom. På same måten blir det 3 turar med retur av todalingar og andre, som skal attende til Todalen etter turen over fjellet. På Leikvoll stadion blir det høve til å ta ein dusj for den som vil, og det blir også salg av middag i klubbhuset på Leikvoll.

Dag Nicolay Gjersvoll som er ledar i I.L. Ulvungen og Nils Ove Bruset, som er ledar i Todalen I.L. håpar at mange blir med på turen over fjellet i årets Trollheimsmarsj. Og dersom værgudane samarbeider trur dei det kan bli rekorddeltaking i år. Dei oppfordrar til å ta med godt med mat og klær, og til å ta seg god tid og nyte turen over fjellet. Dei oppfordrar også folk som tek med hund på turen til å halde den band, da det er ein del sauer i turtraseen.

Her finn du plakaten for nedlasting, som inneheld aktuell informasjon om Trollheimsmarsjen 2011.

Vi kjem med meir aktuell informasjon om Trollheimsmarsjen etter kvart, så følg med på Todalen.no.

Publisert: 21. august 2011, 12:28

Nyheter knytta til Trollheimsmarsjen

Trollheimsmarsjen 2015 – søndag 6. september

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. september 2015

Søndag 6. september er klart for årets Trollheimsmarsj, med start frå Bordholmen i Todalen og den velkjente ruta over Vardan til målgang på Ålvundeid. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen I.L. og I.L. Ulvungen, og som har nært samarbeid med Trollheimstunnelen. Det blir sett opp bussar frå Ålvundeid til Todalen før starten, og bussar i retur frå Ålvundeid til Todalen etter målgang slik som tidlegare.


Trollheimen – sett frå Trollheimsmarsjen

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. september 2014

Søndagens Trollheimsmarsj var ein ubetinga suksess og ei flott naturoppleving for dei som tok turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid. Dersom du tok deg litt tid til å sjå deg rundt, var det eit ypperleg høve til å bli betre kjent med Trollheimen. Det var klår luft og lite dis, du kunne sjå så langt «auge rakk» innover fjella.


Trollheimsmarsjen: – drømmetur over fjellet!

Jon Olav Ørsal/Driva Sundag 31. august 2014

Deltakarane på Trollheimsmarsjen 2015 hadde ein drømmetur over fjellet. Turen over fjellet er stipulert til 5 timars turistmarsj, men det var mange som bruka mykje lengre tid – rett og slett for å nyte den fine dagen i langdrag, når dei forst hadde sjansen. 117 personer deltok i årets arrangement, og det er betydeleg fleire enn sist, – men berre vel halvparten av deltakartalet frå jubileumsåret 2008, da heile 231 var med.


56 tok turen over fjellet

56 tok turen over fjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 26. august 2012

56 deltakarar starta i dag føremiddag på turen over Vardan frå Todalen til Ålvundeid. været såg slett ikkje bra ut i dag tidleg, med lavt skydekke med skodde ned til 6-700 meter og regnbyger i fjella. Men værmeldinga på yr.no var meir optimistisk, og været skulle bli betre etter kvart utover dagen. Og det slo til, for dei som gikk over fjellet kunne rapportere om fine forhold, men det var nok litt blaute myrar etter regnet som kom natt til søndag.

Les heile saka

Klart for Trollheimsmarsjen!

Klart for Trollheimsmarsjen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. august 2012

Da er traseen for Trollheimsmarsjen ferdigmerka både på todalssida og på Ålvundeidsida melder Dag Nikolai Gjersvoll i I.L. Ulvungen. Han rapporterer om fine forhold, og håpar sjølvsagt at det ikkje kjem regn. Han anbefaler å gå Tverrlia, da det er blaut myr rundt Litjkjerringhalsen. Postane for naturstien er også på plass, og på nedturen til Ålvundei er postane plassert mellom Vardan og Kjerringvatnet og i heistraseen i Børsetlia.

Les heile saka

Trollheimsmarsjen – flotte pins

Trollheimsmarsjen – flotte pins

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. august 2012

Dei som deltek i Trollheimsmarsjen får flotte pins for innsatsen. Det vil seie at dei som deltek første eller tredje gongen blir belønna med ein flott pins. Arrangøren har også pins for 5 års deltaking på klar, men den blir først aktuell neste år. Trollheimsmarsjen blir i år arrangert for fjerde gong, da fjorårets arrangement vart avlyst på grunn av dårleg vær og skodde langt nedover liene. Arrangøren håpar at vêrgudane spelar på lag i år, slik at årets trollheimsmarsj kan gå som planlagt.

Les heile saka

Søndag 26.8.: Klart for Trollheimsmarsjen

Søndag 26.8.: Klart for Trollheimsmarsjen

Jon Olav Ørsal Sundag 19. august 2012

Førstkomande søndag (26.8.) er det klart for årets Trollheimsmarsj. Det er den 4. i rekkja, og går etter same trase som tilegare, med start frå Bordholmen stadion , over Vardan og til målgang på Leikvoll Stadion på Ålvundeid. Det er ein flott dagstur, som høver både for vaksne og born i lag med vaksne, der det er lagt inn ein turstikonkurranse på turen over fjellet. Både marsjen og turstikonkurransen er premiert med fine premiar!

Les heile saka

Trollheimsmarsjen – søndag 26. august

Trollheimsmarsjen – søndag 26. august

Jon Olav Ørsal Fredag 6. juli 2012

26. august er det klart for ny Trollheimsmarsj. Arrangøren prøvar på nytt i år, etter at fjorårets arrangement vart avlyst på grunn av vêrtilhøva. Den populære turmarsjen går frå Todalen og over til Ålvundeidet, og er eit samarbeidsprosjekt mellom dei to idrettslaga Todalen og Ulvungen. Dette samarbeidet starta i 2008 da begge laga fylte 100 år, og var da ein av dei mange jubileumsaktivitetane hos dei to «jamnaldringane».

Les heile saka

Trollheimsmarsjen avlyst til neste år!

Trollheimsmarsjen avlyst til neste år!

Jon Olav Ørsal Fredag 2. september 2011

Store nedbørsmengder hindra I.L. Ulvungen og Todalen I.L. i å gjennomføre årets Trollheimsmarsj søndag 28. august. Arrangøren melder at det ikkje har vore muleg å arrangere på ein alternativ dato i år. Dermed er årets Trollheimsmarsj avlyst, og neste sjanse blir siste helg i august i 2012. Nils Ove Bruset i Todalen I.L. er lei seg […]


Trollheimsmarsjen 2011 vart avlyst!

Trollheimsmarsjen 2011 vart avlyst!

Jon Olav Ørsal Sundag 28. august 2011

Regn og tjukk tåke ned til 3-400 m gjorde at arrangøren tok avgjerda om å avlyse årets Trollheimsmarsj. Ledar i Todalen Idrettslag seier at det var uforsvarleg å sende mykje folk til fjells under slike vêrtilhøve. Arrangøren beklaga dette, men løypetraseen gikk tross alt over Vardan, som ligg heile 850 moh, seier Bruset. Det er Todalen I.L. og I.L. Ulvungen som i samarbeid stod som arrangør av Trollheimsmarsjen.

Les heile saka

Bli med på Trollheimsmarsj!

Bli med på Trollheimsmarsj!

Jon Olav Ørsal Fredag 26. august 2011

Bli med på Trollheimsmarsjen førstkomande søndag. Det er Nils Ove Bruset, Ledar i Todalen I.L., som oppmodar alle til å blir med på turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeidet. Det er ein flott dagstur, sog egnar seg både for born og vaksne. Det er start på Bordholmen stadion i Todalen mellom kl 8.30 og 11.00 og du har heile dage på deg til målgang på Leikvoll stadion på Ålvundeidet før kl 17.00. Det er ca 13 km over fjellet, og i vanleg turtempo treng du rundt 5 timar, pluss pausar. Høgaste punktet på turen er ved Vardan, 850 moh.

Les heile saka

Spent på vêret til Trollheimsmarsjen?

Spent på vêret til Trollheimsmarsjen?

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. august 2011

Det er nok mange som er spente på været til Trollheimsmarsjen. Langtidsvarslet for Møre og Romsdal er søndag: «Vind av skiftande retning, til dels kuling på kysten. Regn av og til». Men mykje kan skje enno når vi har slik skiftande vêrtype, og vi legg ein link for vêrmeldinga for Vardan her, slik at du […]