Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trollheimsmarsjen – flotte pins

Trollheimsmarsjen – flotte pins

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. august 2012

Dei som deltek i Trollheimsmarsjen får flotte pins for innsatsen. Det vil seie at dei som deltek første eller tredje gongen blir belønna med ein flott pins. Arrangøren har også pins for 5 års deltaking på klar, men den blir først aktuell neste år. Trollheimsmarsjen blir i år arrangert for fjerde gong, da fjorårets arrangement vart avlyst på grunn av dårleg vær og skodde langt nedover liene. Arrangøren håpar at vêrgudane spelar på lag i år, slik at årets trollheimsmarsj kan gå som planlagt.

Vêret kan du følgje med på denne linken, der du kan samanlikne meldingane til båd Yr.no og Storm.no.

Øverst på bildet ser du jubileumspinsen som vart bruka i 2008. Da feira både I.L. Ulvungen og Todalen I.L. sine 100-årsjubileum og alle som deltok fekk jubileumspins. Sinan er det bruka pins for 1 og 3 års deltaking. I tillegg er det laga pins for 5 års deltaking, som først kjem i bruk neste år.

Først publisert: 22. august 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 24. august 2012, 18:48