Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søndag 26.8.: Klart for Trollheimsmarsjen

Søndag 26.8.: Klart for Trollheimsmarsjen

Jon Olav Ørsal Sundag 19. august 2012

Førstkomande søndag (26.8.) er det klart for årets Trollheimsmarsj. Det er den 4. i rekkja, og går etter same trase som tilegare, med start frå Bordholmen stadion , over Vardan og til målgang på Leikvoll Stadion på Ålvundeid. Det er ein flott dagstur, som høver både for vaksne og born i lag med vaksne, der det er lagt inn ein turstikonkurranse på turen over fjellet. Både marsjen og turstikonkurransen er premiert med fine premiar!

Fakta om Trollheimsmarsjen:
Trollheimsmarsjen er ein 13 km turmarsj i variert terrren. Start på Bordholmen stadion, og godt merka løype opp Ørsallia og vidare over Vardan og nedatt Børsetlia. Målgang er på Leikvoll stadion på Ålvundeid. Tidsbruk er beregna til 5 timar, der du må plusse på pausar etter eige behov. Høpastpunket på turen er ved Vardan som ligg på 850 m.o.h. Arrangøren oppfordrar til å ta med godt med mat og klede, samt å bruke godt fottøy.

Praktiske ting for Trollheimsmarsjen:
Start frå Bordholmen i tidsrommet 8.30 – 11.00. Målgang på Ålvundeid innan kl 17.00
Busstransport fra Leikvoll til Todalen før start, med avgangar kl 7.45, 8.45 og 9.45.
Busstransport frå leikvoll til Todalen etter målgang, med avgangar kl 15.15, 16.15 og 17.15
På Leikvoll blir det høve til å dusje og til å kjøpe middag.
Påmelding skjer ved start på Bordholmen, der du får startkort, og kostar kr 100 for vaksne og kr 50 for born (under 16 år).
Her kan du laste ned plakaten som PDF-dokument.

Bli med på Trollheimsmarsjen
Trollheimsmarsjen er eit samarbeid mellom  I.L. Ulvungen og Todalen I.L., men arrangøren oppmodar alle som har lyst til å bli med på turen over fjellet frå Todalen til Ålvundeid. Alle deltakarane er med i trekkjing av gåvekort og  fine premiar, og det er også fine premiar til dei klarar flest rette i naturstikonkurransen.

For deg som skal ha med hund på turen
Hugs at det er bandtvang, da det er er enno sauer på beite i fjellet. Hald hunden i band så unngår vi at det oppstår konflikt.

Først publisert: 19. august 2012, 12:42 - Sist oppdatert: 24. august 2012, 18:51