Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kyrkjetonar til velbehag

Kyrkjetonar til velbehag

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. oktober 2011

Onsdag kveld inviterte Todalen sokneråd til «Kyrkjetonar året rundt» med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som aktørar. Det vart ein slags kavalkade på jubileumsåret for Todalen kyrkje som snart går mot slutten. Der fekk vi smaksprøvar på salmar og songar frå heile kyrkjeåret, og det starta med adventssalmen «Görer portarna höga». Vidare på programmet var det både jule- og påskesalmar før programmet gikk vidare utover året på «rundturen».

Les heile saka

Travel veke for ein 4H’ar

Travel veke for ein 4H’ar

Elinor Bolme Onsdag 26. oktober 2011

Då er medlemane i Start 4H inne i innspurtsveka si før haustesten førstkommande søndag. Mondag kveld var ein gjeng samla på Bordholmen for å øva både på songar og anna framføring til haustfesten. Men haustfesten er ikkje det einaste dei har føre seg denne veka; fredagskvelden held dei årsmøte med påfølgjande halloweenfest etterpå, medan prosjekta […]

Les heile saka

To nye todalingar!

To nye todalingar!

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. oktober 2011

Tysdag var det stor stas på Myrmo! Johan vart nemleg storebror til tvillingane Jakob og Lisa, som kom til verden på St.Olavs Hospital i Trondheim. Fødslane skjedde kl 02.58 og kl 03.11, natt til tysdag 25. oktober, og  Jakob var 3700 gram og Lisa var 3200 gram ved fødselen. Stolte foreldre er Line Marie Kvendset og Finn Ranes. Alt står bra til både med store og små, fortalte den stolte faren på telefon frå fødeavdelinga på St. Olavs Hospital. Dei blir nok nokre dagar på fødeavdelinga for å kvila ut, før dei kjem heim til Myrmo i Todalen. Todalen.no gratulerer så mykje!


Vellukka innsamlingsaksjon

Vellukka innsamlingsaksjon

Jon Olav Ørsal Måndag 24. oktober 2011

Den landsomfattande innsamlingsaksjonen til Norsk folkehjelp var vellukka, og i skrivande stund er det kome inn 209 millionar, som skal brukast til minerydding i mange forskjellige land rundt om i verden. I Surnadal vart resultatet 288.061, eller kr 48,42 pr innbyggjar, som er litt over landsgjennomsnittet på kr 42,47.


Huldredans

Huldredans

Elinor Bolme Sundag 23. oktober 2011

I heile haust har ein gjeng skodespelarar og songarar under komando av Svanhild Husby møttes jamnleg til forberedelsar til oppsettinga «Huldredans» på Surnadal Kulturhus 19.november. Svanhild har handplukka ein gjeng på 14 stykker som før kanskje ikkje har vore fremst framme i revy og teatermiljøet i Surnadal, men etter førehandsomtalane av stykket kanskje blir å sjå oftare. Og også Todalen er representert med «sine» talent, både med heile, halve og inngifta.

Les heile saka

TV aksjonen «Vi rydder for livet»

TV aksjonen «Vi rydder for livet»

Elinor Bolme Sundag 23. oktober 2011

I dag går den årlege TV aksjonen i regi av NRK av stabelen. Dette er den 37. i rekkja, og årets innsamling går til Norsk Folkehjelp og arbeidet med å fjerne miner og klasebomber som ligg att etter krig og konflikt. Innsamlinga går føre seg mellom 15-17 no i ettermiddag, så då er det berre å vera klare når dei lokale bøsseberarar kjem innom kvar enkelt husstand.

Les heile saka

Kyrkjemusikalsk kavalkade i Todalen

Kyrkjemusikalsk kavalkade i Todalen

Bernt Bøe Sundag 23. oktober 2011

Onsdag kveld inviterer Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor til “Kyrkjetonar året rundt”. Songkvelden er oktober-bidraget til den månadlege markeringa av 150-årsjubileet for Todalen kyrkje. Kyrkjeåret er rikt på musikkuttrykk, og kvelden blir ein song-kavalkade frå advent til helgemesse. Utvalet av songar er denne gongen resultat av demokratisk ønskeprosess blant koristane.

Les heile saka

Siste messedag – suksess igjen!

Siste messedag – suksess igjen!

Jon Olav Ørsal Sundag 23. oktober 2011

Søndag er 5. og siste dag at byggmessa «Bygg Reis Deg 2011» på Lillestrøm er opa. Talgøkonsernet er ein av 470 utstillarar der, og det var venta over 50.000 besøkande til messa. Talgø har en stand på rundt 300 m2, og det har gjennom messa vore stor interesse for produkta til Talgø. Salgssjef Brynjar Ansnes Moe seier til Todalen.no at dei har opplevd ein fantastisk respons frå både butikkar, arkitektar og forbrukarar desse dagane. – Vi har møtt mange av våre eksisterande og potensielle kundar, og fått vist både breidde og heilskap i det vi held på med. Dei besøkande har gjeve uttrykk for at dei er overraska over mangfaldet og har vore imponert over messestanden til Talgø

Les heile saka

Camp Nordmøre på Sommarfjøsvollen

Camp Nordmøre på Sommarfjøsvollen

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. oktober 2011

Denne helga har Surnadal Jeger og Fisk samla ein gjeng ungdomsskuleelevar til villmarkscamp på Kårvatn, eller nærare bestemt på Sommarfjøsvollen. Dei starta fredag kveld, da Rune Gjeldnes heldt foredrag og fortale om dei mange ekspedisjonane sine til fleire eksotiske mål og til ekstrem kulde både på turane til Nordpolen og Sydpolen. Han la spesiell vekt på kor viktig det var med positive tankar for å lykkast på slike turar. Laurdag bar det ut i naturen, med base på Sommarfjøsvollen der det var planlagt overnatting i sjølvbygde gapahukar, og der dei måtte samle ved og lage bål. Dei laga også grue, der dei skulle lage elgsteik til middag når det leid mot kvelden.

Les heile saka

Kva er dette?

Kva er dette?

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. oktober 2011

I kaffekroken på ICA Todalen legg det ein «dings» som vi ikkje kunne identifisere. Er det nokon som veit kva dette er, og kva det er tenkt bruka til? Dersom du dreg kjensel på dette, så gi oss eit vink om kva du trur det er, og send svar til vår e-post på red@todalen.no.


Loddsalg for aldersheimen

Loddsalg for aldersheimen

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. oktober 2011

Neste søndag, 30. oktober, er det basar på Stangvik aldersheim i pårørandeforeningas regi. Førehandssalget av lodd har allereie starta, og laurdag formiddag og litt utover dagen var Ingri Buset og Steinar Gjeldnes på plass på ICA Todalen med loddboka. Pengane dei får inn på basaren skal gå til trivselstiltak for bebuarane på aldersheimen. Vi oppfordrar alle til å støtte tiltaket og kjøpe lodd.


Godt med besøk

Godt med besøk

Elinor Bolme Fredag 21. oktober 2011

I går kveld opna biblioteket dørene for ein aktivitetskveld på skule biblioteket. Her var både høgtlesning, quiz og litt orientering om korleis ein kan leite fram ulike bøker både på nett og i katalogar. Britt Mossing orienterte nokre av dei frammøtte om kvar dei kunne finne forskjellige bøker. Her viste ho korleis ein kan søke […]

Les heile saka