Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Siste messedag – suksess igjen!

Siste messedag – suksess igjen!

Jon Olav Ørsal Sundag 23. oktober 2011

Søndag er 5. og siste dag at byggmessa «Bygg Reis Deg 2011» på Lillestrøm er opa. Talgøkonsernet er ein av 470 utstillarar der, og det var venta over 50.000 besøkande til messa. Talgø har en stand på rundt 300 m2, og det har gjennom messa vore stor interesse for produkta til Talgø. Salgssjef Brynjar Ansnes Moe seier til Todalen.no at dei har opplevd ein fantastisk respons frå både butikkar, arkitektar og forbrukarar desse dagane. – Vi har møtt mange av våre eksisterande og potensielle kundar, og fått vist både breidde og heilskap i det vi held på med. Dei besøkande har gjeve uttrykk for at dei er overraska over mangfaldet og har vore imponert over messestanden til Talgø.

Marketingsjef Heid Snekvik er også godt nøgd. Ho seier at det er lagt ned mykje energi i en komplett stand som både skal byggje merkjevaren Talgø og vise nyheiter og gode basisprodukt i eit varespekter som spenner over innvendige og utvendige byggevarer og møblar. Ho seier vidare at oppmerksamheita  rundt vår stand har vært overveldande og besøkstala ligger an til å slå alle rekordar. Seljarane er entusiastiske og stolte over å vise fram ein flottare stand enn nokon sinne og gjer verkelig ein kjempejobb gjennom lange dagar med fullt trykk her på messa

Terje Talgø er optimist tross mørke skyer i verdsøkonomien. Han seier at den stor oppmerksamheita Talgø no opplever, føler han seg overbevist om at Talgøkonsernet kjem til å stå godt rusta til å møte utfordringane i verdsøkonomien og forholda i Europa som vil gi tøffe tak for alle som driv med handel. Vi er i siget, og gler oss til forsettinga, seier han til slutt.

Les også om Bygg reis Deg 2011 på Driva.no

Fleire bilde frå Bygg Reis Deg 2011.   Foto: Heid Snekvik

Først publisert: 23. oktober 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 25. oktober 2011, 09:29