Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Travel veke for ein 4H’ar

Travel veke for ein 4H’ar

Elinor Bolme Onsdag 26. oktober 2011

Då er medlemane i Start 4H inne i innspurtsveka si før haustesten førstkommande søndag. Mondag kveld var ein gjeng samla på Bordholmen for å øva både på songar og anna framføring til haustfesten. Men haustfesten er ikkje det einaste dei har føre seg denne veka; fredagskvelden held dei årsmøte med påfølgjande halloweenfest etterpå, medan prosjekta skal vera klare til å stillast ut på laurdag. Søndag vil prosjekta bli gjenomgått og bedømt bestått eller ikkje.

Klokka 18 søndag åpnar dørene i Todalen skule for dei som ønskjer å delta på haustfesten. Her kan ein gå over å sjå på prosjekta først før underhaldning, kaffe og loddsalg.

Frå fylket får klubben også i år besøk av Torill Sandnes til å dela ut dei ulike merka til alle utstillarane som får godkjente prosjekt.

Kristine Svinvik og Stian Bruset øver iherdig på gitargrepa til søndagens underhaldningsbolk.

Publisert: 26. oktober 2011, 19:07