Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Huldredans

Huldredans

Elinor Bolme Sundag 23. oktober 2011

I heile haust har ein gjeng skodespelarar og songarar under komando av Svanhild Husby møttes jamnleg til forberedelsar til oppsettinga «Huldredans» på Surnadal Kulturhus 19.november. Svanhild har handplukka ein gjeng på 14 stykker som før kanskje ikkje har vore fremst framme i revy og teatermiljøet i Surnadal, men etter førehandsomtalane av stykket kanskje blir å sjå oftare. Og også Todalen er representert med «sine» talent, både med heile, halve og inngifta.

Forestillinga skrive på reint surndalsk, og ifølge Surnadal Kulturhus si nettside lovar ei magisk og musikalsk forestilling, med både kjærlighet, glede, sorg og savn. Eit anna sentralt element i oppsettinga er vill, norsk natur, både i ord og i handling.

Pågangen har vore så stor, at forestillinga den 19. november fort vart utseld. Og då var det naturleg nok berre eit å gjera, å sette opp ei til dagen før. Slik det ser ut pr i dag har den første forestillinga 158 ledige plassar, medan den opprinnelege forestillinga laurdag den 19. har 5.

Publisert: 23. oktober 2011, 17:00