Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Talgø med storsatsing på Bygg Reis Deg 2011

Talgø med storsatsing på Bygg Reis Deg 2011

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. oktober 2011

Onsdag opna bygg- og boligmessa «Bygg Reis Deg 2011» på Norges Varemesse på Lillestrøm. Messa er både fagmesse og er opa for publikum, og hit kjem nok dei fleste som driv med byggevarer og innredning for å vise seg fram og for å sjå kva bransjen har å by på. Talgø satsar stort på denne messa, og vil vise fram Talgøkonsernet i full bredde på ein stand på rundt 300 m2; – ein av dei største utstillingane på heile messa. Arrangøren ventar at heile 50.000 besøkande vil kome til messa, derav rundt 40.000 fagfolk.

Les heile saka

Amerikansk skiveteran frå Stangvika

Amerikansk skiveteran frå Stangvika

Borghild Betten Talgø Tysdag 18. oktober 2011

Måndag denne veka kom Svein Sæter på besøk hit på aldersheimen uti Stangvika. Han hadde med seg bilete og mykje kunnskap om Olaus Jeldness (Gjeldnes før han flytta). Han Olaus kom frå Trøen her i Stangvik, der voks han opp i lag med 7 sysken. Heile syskenflokken emigrerte til Amerika og Canada. Olaus kom til Canada som gruvearbeidar i 1880 åra og vart til slutt sjef for gruva. Han grunnla byen Red Mountain der og vart ein svært viktig mann.

Les heile saka

Bokkveld på torsdag

Bokkveld på torsdag

Elinor Bolme Tysdag 18. oktober 2011

Torsdag kveld arrangerer biblioteket og FAU ved Todalen Oppvekstsenter bokkveld for alle interesserte i Todalen og omegn. Her blir det quiz, høgtlesning, enkel servering og ellers høve til å gjere seg kjent med biblioteket på skulen.

Les heile saka

Herretrim

Herretrim

Elinor Bolme Måndag 17. oktober 2011

Førstlkommende onsdag startar herretrimmen oppatt. Dei ønker alle over konfirmaasjonsalder og oppover til fartsfylt mosjon ved Todalen skule frå 20 til 21.30. Primus motorar er Knut Jarle Bergli og Dan Roger Pedersen. Så her er det berre å blese støvet av gymskoa og ankelstøtta og driste seg i veg. På eige ansvar.

Les heile saka

Stor byggeaktivitet i Sollifeltet

Stor byggeaktivitet i Sollifeltet

Sverre Kjølstad Måndag 17. oktober 2011

For tiden er det stor byggeaktivitet i Sollifeltet på Nordvik. Ingar Waag holder på med et påbygg for å få campingvogna i hus, og Andreas Bele Sæterbø holder på med ny enebolig. Sistnevnte bygger utenom det kommunale boligfeltet, og benytter tomta der Johanna og Harry Skarvøy bodde, nemlig Nordvikjelen. Dette har sin årsak i at Andreas er samboer med Marit Gjeldnes, dotter til Randi og Per Gjeldnes.

Les heile saka

Elgfall på Halla

Elgfall på Halla

Jon Olav Ørsal Måndag 17. oktober 2011

Elgfall er ikkje kvardagskost på Halla, men søndag vart det like fullt ein elgkalv som måtte bøte med livet. Søndag var det fint jaktvær, og jaginga i Seterlia (innafor Romåa) ga ein elgkalv som resultat. Det skjedde i området ved Litjlia, fortel Lars Stensby som er formann i Halle og Husby Jaktlag. Tidlegare i jakta har laget felt fleire hjortar, men elg er ikkje kvardagskost i dei bratte liene på Halla. Det er feire år sidan dei siste felte elg, fortel Lars.

Les heile saka

Går i land for i år…

Går i land for i år…

Jon Olav Ørsal Sundag 16. oktober 2011

Båtsesongen går mot slutten, og Finn Ranes og Olav Kvendset har bruka søndagen til å ta på land familiens to båtar. Nå står det berre att  litt pussing og reingjering, så er det klart for vinteropplag. Så er det berre å vente, og gle seg til ein ny sesong og ny sommar på sjøen. For eigen del håpar eg at sommaren blir betre enn årets, og det er nok båtfolket enige i også! Dei fleste har no fått båtane på land, og vi kan vel vente at det etter kvart blir isproblem i småbåthamna. Kuldegradene er ikkje langt unna, sjølv om vermeldinga ikkje tyder på at det blir den første veka.


Strikker for premature

Strikker for premature

Elinor Bolme Sundag 16. oktober 2011

Strikkekaffeen som jamnleg møtes i Sanitetshuset på laurdagar har engasjert seg i strikking for fortidlegfødte barn. Dei har kasta seg med på «Amandaprosjektet». Dette er eit prosjekt starta av eit foreldrepar som hadde ei lita dotter som levde så og seie heile sitt liv på nyfødt/barne intensiven på Rikshospitalet. Her produserer dei bittesmå sokkar, luer og tepper, som er planlagt å leverast på nyfødtavdelinga ved St. Olav i Trondheim. Dei engasjerte damene presiserer at det slettes ikkje er nødvendig å møte opp i sanitetshuset. Ein kan delta i prosjektet uavhengig fra kvar ein er. Tanken var å kunne levere ei ladning til jul.

Les heile saka

Familiegudsteneste kl 11

Familiegudsteneste kl 11

Jon Olav Ørsal Sundag 16. oktober 2011

Søndag er det familiegudsteneste i Todalen kyrkje kl 11.00, med sokneprest Bernt Venås.  Da er det utdeling av 4- og 6-årsbok.  Takkoffer til Nordmøre Søndagsskulekrets.


Haustarrangementet i BU-regi

Haustarrangementet i BU-regi

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. oktober 2011

I helga er Surnadal i sentrum for NBUs haustarrangement 2011. I år er nemleg haustarrangementet for NBU lagt til Surnadal, og det er venta  2-300 gjestar til arrangementet. Arrangementet starta fredag kveld, og går over 3 dagar, men laurdag er nok den dagen som har det mest rikhaldige programmet. På heimesida til Haustarrangementet finn du meir opplysningar om det som skal skje utover dagen.


Bakalao på Eldremiddagen

Bakalao på Eldremiddagen

Reidar Østvik Torsdag 13. oktober 2011

I dag, onsdag, har vi igjen inntatt en herlig middag i “Eldremiddagen”, laget og servert av de to dagens kokker Bodil og Brit, som nok en gang viste sine suverene ferdigheter. Dagens meny var ikke dårligere enn Bakalao og sviskergrøt. Vi hadde også tre spesielt inviterte gjester med oss, og to av de tre hadde dessuten bidratt spesielt til bakalaoen! Vi har vært så heldige å få todalspoteter i mengder fra Kjell og Johan K, (Øyen og Ørsal) som blant anna ble brukt i dagens rett. Dagens tredje inviterte gjest var Finn Talgø, som takk for tjenester Talgø har gitt Eldremiddagen, bl.a kaffelag på gammelfabrikken. Vi setter stor pris på slike sponsorgaver.

Les heile saka

Lokaloppgjør med dramatikk

Lokaloppgjør med dramatikk

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. oktober 2011

Det var dramatikk på slutten da Surnadal G16 slo STKU G16 med 3-2 onsdag kveld. Det skriver Knut Haugen i sine kommentarer om kampen mot Surnadal. Det var nemlig  lokaloppgjør mot Surnadal i årets siste seriekamp for G16 på Øye stadion onsdag kveld. Hjemmelaget ledet helt fortjent 1-0 etter 1. omgang. Men mot slutten av kampen ble det både dramatikk og spenning…  Dette kan du lese mer om på I.L. Søyas hjemmesider.