I dag er det klart for presentasjon av årets programhefte for Todalsdagen 2013. Det er Knut Bergli som ghar vore redaktør for årets programhefte, og det er på heile 20 sider med redaksjonelt stoff om Todalsdagen og sjølv sagt annonsar frå mange og trufaste annonsørar. Det er Lillian Halle som har vore grafisk designer, og det vart ei stasesleg programhefte som no blir distribusert i postkassane lokal og som distribueres «world wide» via Todalen.no og facebook.
Les heile saka
Fotballfest for dei minste er kanskje det beste kjenneteiknet på Todalsdagen, men hovudattraksjonen er nok mosjonsløpet «RætaOpp», som hadde sin premiere i fjor under Todalsdagen med over hundre deltakarar. Laurdag er det ny satsing, og da reknar vi med mange fleire deltakar, fortel Knut Bergli og Ingvild Kårvatn i Todalen Idrettslag når dei promoterer løpet. RæteOpp er som sagt eit mosjonsløp på ca 3 km, med start og målgang på Bordholmen stadion.
Les heile saka
Da har sekrereriatet i fotballgruppa satt opp endeleg kampoppsett for laurdagens fotballturnering under årets Todalsdag. I siste liten brukar det alltid å komme endringar, men vi satsar på at siste endring kom seint i går kveld slik at oppsettet under blir gjeldande på laurdag.
Les heile saka
Knut Bergli i Todalen Idrettslag skulle gjerne ha fått tak i ein startpistol til laurdagens «Ræta opp». Det sies at idrettslaget har hatt ein før, og han lurar på om nokon veit kvar denne eventuelt kan befinne seg no.
Etter halvanna time får Knut beskjed om at pistolen er lokalisert. Forsvarleg oppbevart sidan sist den har vore i bruk, i safen på Nedbrettshaugen hos Lars Stensby.
Fotballgruppa og anleggsgruppa i Todalen IL inviterer til dugnad i forkant av årets Todalsdag på Bordholmen. Det har vorte satt opp to dagar, både i morgon tysdag og fredag.
Ta med høveleg utstyr som for eksempel kantklippar, rive, gaffel, slegge, spett og anna motorisert kjøretøy.
Les heile saka
Peter Ploss frå Tyskland og mangeårig fiskar i Toåa har no på føremiddagen tatt ein laks på ca 3-4 kg nedanfor Øyabrua. Redaksjonen fekk tilsendt bilde etterkvart, og håpar fleire sender inn bilde og litt tekst når dei får noko på kroken utover sommaren.
Les heile saka
Til tross får litt dårleg festivalvêr i starten har det vore mykje folk innom til Norsk Laksefestival som i skrivande stund er i full gang på Skei i Surnadal. Det var start torsdag, medan martnadsgata opna fredag ettermiddag. Det lagt opp til program heile helga, og på kveldstid var det fredag kveld utedans ved kulturhuset. Laurdag starta alt kl 07 med fiskekonkurranse og martnasgate frå kl 10. Laurdag kveld er det utekonsert med Bonnie Tyler og Return, og vêrprognosane er slett ikkje verst for laurdagskvelden.
Les heile saka
Vi minner om at det fortsatt er muleg å få med seg rododendronblomstringa i Svinviks arboret ! Unn deg deg ein kopp kaffe og ein pustepause i den frodige hagen. Arboretet er ope onsdag – søndag frå 12.00 til 17.00. Siste nytt er at det no er opna eit lite butikkhjørne i kafeèn, med fine småredskap og hanskar til hagearbeid, villsaugarn frå Hjellnes, nydelege sjal frå Oppistufrua og andre fine småvarer. Verdt eit besøk!
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag avslutta vårsesongen torsdag med marsj i området Kårvatn, Myrvang og til Nauståfossen. Kafferasten var lagt til Myrvangtunet der Liv og Jon tok i mot oss for fjerde året på rad. Guri og Lars, som har vore like trufaste, bidrog med musikk og jammen var det fleire som svinga seg på vollen både i valse- og polkatakt. Den faste graut/bakelsgruppa vår serverte velsmakande godsaker og alle 40 frammøtte såg ut til å kosa seg.
Les heile saka
Til kvar leilighet i Sanitetshuset har det vore ein liten terrasse på framsida og mot sola. Den har berre vore så alt for liten og upraktisk, for troppa har nemleg vore på motatt ende som terassedøra. Det har lenge vore diskutert å endre på dette, og etter ein lang planprosess og basar til inntekt for prosjektet så vart plana realisert.
Les heile saka
Da er alt klart for den 14. laksfestivalen i Surnadal. Norsk Laksefestival har til årets åpning fått seg nye nettsider, der ein finn det meste om festivalen, frå 2000 til i dag. Festivalen starta allerede i går, med Thomas Tivoli, fisking på Glønavatnet, Villakskonferanse leda av Vegard Heggem og åpning av kunstutstilling.
Les heile saka
Det har vært tradisjon i alle år og holdt gudstjeneste siste helga før jul i Nordvik Forsamlingshus. Imidlertid har dette vært utvidet til to ganger for året de siste årene, fortrinnsvis i juni måned. Vi har merket oss at Todalen Sokneråd har avviklet friluftsgudstjeneste på Haugligårdene 2. påskedag med stort hell uten å avlyse pga. værforholdene.
Les heile saka