Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavganggruppa i startgropa

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. mars 2014

Stavganggruppa ventar på at det skal bli litt meir vår og høgare temperaturar, men over påske er dei klare for ein ny og hektisk sesong. Dei startar den nye sesongen ein tur til Haltbakkan, fortel Martinus Torvik. Det er no sett op terminliste for aktivitetane fram til ferien, og dei kan by på heile 10 turalternativ i perioden 24. april til 26. juni.

Stavganggruppa har planlagt turmål som er spredd rundt omkring i alle grender i Surnadal kommune. Det er torsdag som er fast turdag, men ingen regel utan unntal. Eit par av arrangementa er lagt til fredag eller tysdag når det har passa slik. Terminlista fram til ferien kan du laste ned som PDF-dokument her.

P6200404

Kafferast ved Myrvang på ein tidlegare tur til Nauståfossen. Foto: Jorunn Ness

Nokre av turane er lagt til Todalen.
Tysdag 13 mai er det Svinvika som er turmålet. Det er eit arrangement i samband med Verdens aktivitetsdag, og da blir det gratis graut og bakels som ein bonus til deltakarane. Da vil også Eldrerådet i fylket kaste glans over arrangementet.  12. juni er det nok ein todalstur på plana. Da er det Gammelfabrikken i Brusetmarka som er utgangspunkt for turen som går til Storfossen og området rundt. Siste tur før ferien er 26. juni og da er turmålet frå Kårvatn til Nauståfossen, med kafferast på Myrvang.

 

Publisert: 19. mars 2014, 19:56