Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fylkeskommunen må ta rekninga!

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. mars 2014

Det vart ei stor rekning i kjøvatnet etter raset som gikk 31. juli i fjor. Møre og Romsdal fylkeskommune søkte Kommunaldepartementet om å dekkje dei 17 millionane som dette utgjer, men har no fått avslag. Dermed må dei ta rekninga sjølv. Kostnadane utgjer rundt 67 kroner pr innbyggjar i Møre og Romsdal. Sjølv om rekninga vart stor, var det gode ord for oss som var isolert, da fylkesordføraren ga beskjed om at det ikkje skulle stå på pengar for å få oss ut av isolasjonen.

Kommunaldepartementetr meinar at søknadsbeløpet utgjer om lag 67 kroner per innbyggjar for Møre og Romsdal fylkeskommune. Etter departementets syn bør fylkeskommunen klare dette innanfor sine ordinære midlar, noko som også er i tråd med praksis departementet har hatt i liknande saker der ein ikkje har kompensert fylkeskommunar for skader under 100 kroner per innbyggjar.

 

Publisert: 22. mars 2014, 10:55