Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sesongstart på Bordholmen

Sesongstart på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 22. april 2012

Den aller første fotballkampen på Bordholmen bekreftar at noer vinteren over og det er vår. Dagens kamp var ein privatkamp mellom Todalen-Søya-Kvass/Ulvungen (G19) og Søya-Todalen (A-laget). Her var det ungdommane (G19) som trekte det lengste strået og vann 2-0 over A-laget. Første omgang var det lite som skjedde, og det var knappast nokre skot mot mål.  Men […]

Les heile saka

Edelgraner måtte til pers…

Edelgraner måtte til pers…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. april 2012

Frå Kristen Bruset har vi fått e-post bilder frå Svinvika, der ein del 100 år gamle edelgraner måtte til pers før helga. Han skriv. «Det var Skog-kompaniet som har bistått med felling av dei store trær i Svinvika. Her var det flere edelgraner som stod inntil ei bygning på gården. Ett av trærne i denne klynga blåste ned under stormen «Dagmar» og grunneier Sven Olav Svinvik ønsket nå å ta ned alle trærne som kan være en fare for bygninga.

Les heile saka

Dugnad 2: Opprydding på båthamna

Dugnad 2: Opprydding på båthamna

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. april 2012

Laurdag var det også dugnad på båthamna på Kvennset. Julstormen «Dagmar» hadde nærast fylt opp hamneanlegget med drivved, rusk og rask, og dugnadgjengen samla opp ein stor dunge som skal køyrast vekk og brennast. Ledar i Todalen Båtforening, Lars Stensby er godt nøgd med dugnadsinnsatsen frå medlemar og andre som sørga for skikkeleg opprydding i båtanlegget og området omkring.

Les heile saka

Dugnad 1: Renovering av vassanlegg

Dugnad 1: Renovering av vassanlegg

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. april 2012

Husby & Halla vassalg er i gang med renovering av vassanlegget. Laget har ansvar for vassforsyninga frå Andersstua på Kvennset og heilt til Skogstad i Hallagrenda, til saman eit førtitals abbonnentar. No skal anlegget oppgraderast med ny brønn og anlegg for filtrering og ultrafiolett stråling for å sikre vasskvaliteten. Det er ei investering på over ein halv million, samt ein god del dugnadsarbeid på anlegget som er organisert som eit privat vasslag.

Les heile saka

Bokbad på Stangvik Aldersheim

Bokbad på Stangvik Aldersheim

Borghild Talgø Fredag 20. april 2012

Her kjem ei helsing frå aldersheimen uti Stangvika: Vi er så heldige at vi har ein god venn her som kjem på besøk. Svein Sæter hadde bokbad med bileteframsyning på stuå i føremiddag. Hovedtema var den nye boka av Hans Hyldbakk som Svein og Anita har gjeve ut på forlaget sitt, Blomsterhaug forlag. Dette er fakstisk ein roman som Hans skreiv for over 80 år sidan! Bebuarane hadde ein triveleg og interessant time og vi har no godt bakgrunnsstoff til å lese romanen «Brotne band». Vi gler oss.. Svein møtte Ester som vaks opp og budde attmed Stykkjet der som Hans vaks opp. Han budde der før han flytte oppå Kleiva. Ho kjende både mor og far hass og dei fekk seg ein god prat.

Les heile saka

Antons Timbershow på Byggmakker

Antons Timbershow på Byggmakker

Jon Olav Ørsal Fredag 20. april 2012

Tirsdag kveld inviterte Byggmakker Surnadal til Guttas kveld ved butikken i Surnadal. Det var først og fremst ein informasjonskveld for interesserte kundar, og dei hadde og fått fleire leverandlørar til å stille opp for å demonstrere og vise fram sine produkt. Av lokale utstillarar deltok Sveen Auto og Slatlem med «snekkarbilar», medan MøreTre viste fram sine MøreRoyal-produkt og terrasse- og hageprodukt i OutLiving-kolleksjonen.

Les heile saka

Saniteten på besøk i skulen

Saniteten på besøk i skulen

Britt Mossing Torsdag 19. april 2012

I dag fekk elevane i Todalen oppvekstsenter besøk frå Todalen Sanitetsforening. Leiar Åse Ville Redalen fortalde at dei hadde eit ønske om å gi noko til barna på skulen og i barnehagen. Dei hadde kjøpt inn refleksvestar som barna kan bruke når dei skal på tur langs vegen. Elevane tykte dette var kjekt, og kunne mest ikkje vente med å prøve dei.

Les heile saka

Grønsåpelukt i klubbhuset

Grønsåpelukt i klubbhuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. april 2012

Med kvinneleg ledar både i hovudstyret og i fotballstyret i Todalen I.L. er det naturleg at det vart sett prioritet på rundtvask i klubbhuset på Bordholmen. Torsdag kveld samla dei både hovudstyret og fotballstyret til dugnad, og da vart det fart i sakene. Det vart rydda og brent, og heile klubbhuset vart reingjort frå gulv til tak. Og før dei ga seg var det grønsåpelukt over heile huset.

Les heile saka

Campingdrifta sommaren 2012

Campingdrifta sommaren 2012

Elinor Bolme Torsdag 19. april 2012

Todalen IL vil også i år legge til rette for at det blir mulig å campe i Todalen. Nytt av året er at dei har fått 3 spreke pensjonister som campingverter; Nils Øyen, Gudmund I Kvendset og Eivind Grønmyr.

Som tidligere blir området ved Bordholmen (idrettsplassen) brukt til formålet. Av fasiliteter knyttet til campingplassen er: 1 fryser (til nedfrysing av eventuell fangst i Toåa??), 1 dusj og 1 wc.

Les heile saka

Prosjekt om mellomalderen

Prosjekt om mellomalderen

Ola Bolme Torsdag 19. april 2012

Vi i 5. 6. og 7. på Todalen opvekstsenter har laga borger fra mellomalderen. Dei første kunst og handtverk timane så planla vi kor høg og brei dei skulle vere. Borgene er laga av tre, som vi spikra samman av 4 plankar. Når vi var ferdig med å byggje borga, så la vi gips utapå. Då gipsen stivna, måla vi borgene. Vi har òg laga figurar av leire som ikkje trengst å brennast. Leiren stivna på 72 timar.

Les heile saka

Drømmeføre på fjellet

Drømmeføre på fjellet

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. april 2012

Vi har fått ein kort rapport og fine bilde i ein e-post frå Jon Bruset. Han har hatt «skidag» i dag og har teke turen opp i området rundt Tristeinan. Vi legg ut bilda i eit lite galleri slik at du kan sjå korleis forholda er. Dersom du vil nytte finvêret og godføret, er det kanskje lurt å ta turen torsdag eller fredag. For til helga melder nemleg både yr.no og storm.no dårlegare vêr. Vermelding finn du her, og du og samanlikne dei to «vêr-leverandørane» på same sida. Så får vi sjå kven som treffer best av dei to!

Les heile saka

MøreTre søkjer etter prosjektledar

MøreTre søkjer etter prosjektledar

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. april 2012

På MøreTre er det travle tider og stor auke i omsetninga det siste året. No skal dei styrkje staben og søkjer no etter prosjektledar/tektnisk tegnar til Elementavdelinga. Dei søkjer etter ein person som skal ivareta dagleg produksjon og kunde-oppfølgjing ved element- og prosjekt avdelinga. Til stillinga ligg ansvar for tilrettelegging og oppfølgjing av den daglege drifta ved avdelinga. Nærare opplysningar om stillinga får ved å ta kontakt med avdelingsledar Nils Ove Bruset på MøreTre. Her kan du laste ned stillingsannonsen som PDF. Søknadsfristen er sett til 1. mai 2012.