Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Makan til konsert!

Jon Olav Ørsal Sundag 8. desember 2013

Laurdag ettermiddag tok vi turen til Todalen kyrkje for å få med oss adventskonserten som felleskoret til Åsskard kyrkjekor og Todalskoret arrangerte. Dei var denne gongen forsterka med organist/pianist Tor Strand og Torgrim Tunes som las og fortalte om sine adventstankar.

Eg skal ikkje gi meg ut glattisen med ein ekspertkommentar, men det vi fekk sjå og høyre imponerte stort og gjorde det lett å koma i skikkeleg julestemning. Trur ikkje det er å ta for stekt i om vi seier at det er noko av det beste vi har fått framført i kyrkja vår.

Programmet starta med Julemotett av Eyvind Alnæs der søstrene Nora og Sigrid V. Bøe var solistar, og fortsette i ein og ein halv time med korsong, allsong og solistar. Vidare Arne dragsviks kantate over juleevangeliet til det heile vart runda av med «Deilig er jorden» med kor og allsong og med Tor Strand på orgelkrakken.

Til alle dei som ikkje hadde høve til å kome på konsert vil vi anbefale den siste konserten som går søndag kveld i Stangvik kyrkje. Den startar kl 19.30. Der vil du i tillegg få høyre solistane Maria Mohr og Andreas Moen, medan Hedda Hansen Berg trakterer pianoet. I tillegg får vi høre Trond H. Saltnes og Odd Sonntag på fiolin, Ebba Ringmar på obo, Marthe B. Stavrun på fløyte og sjølvsagt Tor Strand på orgel.

Makalaus adventskonsert i Todalen kyrkje laurdag ettermiddag.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. desember 2013, 14:23