Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julemiddag med forviklingar…

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. desember 2013

Alt gikk som planlagt da Eldremiddagen var samla til juleavslutning og festmiddag i Sanitetshuset onsdag, heilt til strømmen gikk! Men kokkegjengen fikk slett ingen panikk på grunn av straumbrotet. Dei var godt i rute med middagen, og rekna med at straumen snart kom att. Men det varte og det rakk, og etter eit par telefonsamtalar med Svorka, vart det behov for å finne ei reserveløysing.

DSCN0079

Viastutraktoren var sjølve kromtappen i årets julemiddag. Foto: Wenche Kvendset

Det er Martinus Torvik som fortel om «dramatikken» i Sanitetshuset til Todalen.no. Reserveløysinga vart å dra til kårfolket i Viastua, Gudmund og Wenche. I Viastua har dei eit stort traktordrevet naudagregat, og dermed vart det husets John Deere som fikk levere straum til julemiddagen i år. Og tre kvarter forsinka kunne kokkane invitere 32 gjestar til bord i Sanitetshuset, til ribbe og medisterkaker, med tilhørande riskrem til dessert. Etter rundt to timar kom straumen att, og dermed vart det «normal drift» under resten av arrangementet.

DSCN0086

Jostu mintes eldremiddagens far, Jon Lunde. Foto: Eldremiddagen

Martinus fortel vidare at dette vare julemiddag nr 24 – den første vart servert til 26 gjestar så langt attende som i 1990. Dette mintes også Jon Bjarne Husby da han spela og song tekster etter Jon Lunde som var initiativtakar til opplegget med eldremiddag som starta i 1990 – den 8 februar. Det var også allsong, og mellom anna visa «Kosedag» som Knut Redalen skreiv til eldremiddagen ein gong på 90-talet.

DSCN0091

Velfortjent blomsterbukett til kokkane. Frå venstre karen Johanne Talgø, Grete Torvik, Brit Nordvik, Jorunn Ness og Martinus Torvik. Foto: Eldremiddagen

Heilt på tampen var det også tid for påskjønning til ein trufast kokkegjeng. Dei 4 kokkane har i år vore Karen Johanne Talgø, Jorunn Ness, Grete Torvik og Brit Nordvik, og dei fekk kvar sin bloksterbukett med Martinus Torvik og i tillegg ei privat påskjønning frå Lovise og Bernt Jørgensen.

Fleire bilde frå juleavslutninga til eldremiddagen finn du i galleriet nedafor.  Foto: Wenche Kvendset og Karen Johanne Talgø

Publisert: 4. desember 2013, 23:01