Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snøfokk og uføre på vegane

Jon Olav Ørsal Fredag 6. desember 2013

Utover føremiddagen fredag har det vore eit tett snørokk, og braøytarane har sitt fulle hyre med å halde vegane opne for trafikk. Anders A. Karlsen ber folk om å være forsiktig i trafikken på grunn av det glatte føret.

Han fortel at dei no er ute med alt disponibelt materiell, men har store problem med å halde vegane opne på grunn av det store snøfallet og snøfokken. Han ber derfor folk være litt tålmodige om dei må vente litt på brøyting og rydding av snø.

Yr.no melder om stort snøfall vidare utover dagen, og det vil også fortsette utover kvelden og natt. Laurdag blir det lettare vær, og opphald når det lir utpå ettermiddagen.

Publisert: 6. desember 2013, 15:11