Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Antons Timbershow på Byggmakker

Antons Timbershow på Byggmakker

Jon Olav Ørsal Fredag 20. april 2012

Tirsdag kveld inviterte Byggmakker Surnadal til Guttas kveld ved butikken i Surnadal. Det var først og fremst ein informasjonskveld for interesserte kundar, og dei hadde og fått fleire leverandlørar til å stille opp for å demonstrere og vise fram sine produkt. Av lokale utstillarar deltok Sveen Auto og Slatlem med «snekkarbilar», medan MøreTre viste fram sine MøreRoyal-produkt og terrasse- og hageprodukt i OutLiving-kolleksjonen.

Les heile saka

Saniteten på besøk i skulen

Saniteten på besøk i skulen

Britt Mossing Torsdag 19. april 2012

I dag fekk elevane i Todalen oppvekstsenter besøk frå Todalen Sanitetsforening. Leiar Åse Ville Redalen fortalde at dei hadde eit ønske om å gi noko til barna på skulen og i barnehagen. Dei hadde kjøpt inn refleksvestar som barna kan bruke når dei skal på tur langs vegen. Elevane tykte dette var kjekt, og kunne mest ikkje vente med å prøve dei.

Les heile saka

Grønsåpelukt i klubbhuset

Grønsåpelukt i klubbhuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. april 2012

Med kvinneleg ledar både i hovudstyret og i fotballstyret i Todalen I.L. er det naturleg at det vart sett prioritet på rundtvask i klubbhuset på Bordholmen. Torsdag kveld samla dei både hovudstyret og fotballstyret til dugnad, og da vart det fart i sakene. Det vart rydda og brent, og heile klubbhuset vart reingjort frå gulv til tak. Og før dei ga seg var det grønsåpelukt over heile huset.

Les heile saka

Campingdrifta sommaren 2012

Campingdrifta sommaren 2012

Elinor Bolme Torsdag 19. april 2012

Todalen IL vil også i år legge til rette for at det blir mulig å campe i Todalen. Nytt av året er at dei har fått 3 spreke pensjonister som campingverter; Nils Øyen, Gudmund I Kvendset og Eivind Grønmyr.

Som tidligere blir området ved Bordholmen (idrettsplassen) brukt til formålet. Av fasiliteter knyttet til campingplassen er: 1 fryser (til nedfrysing av eventuell fangst i Toåa??), 1 dusj og 1 wc.

Les heile saka

Prosjekt om mellomalderen

Prosjekt om mellomalderen

Ola Bolme Torsdag 19. april 2012

Vi i 5. 6. og 7. på Todalen opvekstsenter har laga borger fra mellomalderen. Dei første kunst og handtverk timane så planla vi kor høg og brei dei skulle vere. Borgene er laga av tre, som vi spikra samman av 4 plankar. Når vi var ferdig med å byggje borga, så la vi gips utapå. Då gipsen stivna, måla vi borgene. Vi har òg laga figurar av leire som ikkje trengst å brennast. Leiren stivna på 72 timar.

Les heile saka

Drømmeføre på fjellet

Drømmeføre på fjellet

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. april 2012

Vi har fått ein kort rapport og fine bilde i ein e-post frå Jon Bruset. Han har hatt «skidag» i dag og har teke turen opp i området rundt Tristeinan. Vi legg ut bilda i eit lite galleri slik at du kan sjå korleis forholda er. Dersom du vil nytte finvêret og godføret, er det kanskje lurt å ta turen torsdag eller fredag. For til helga melder nemleg både yr.no og storm.no dårlegare vêr. Vermelding finn du her, og du og samanlikne dei to «vêr-leverandørane» på same sida. Så får vi sjå kven som treffer best av dei to!

Les heile saka

MøreTre søkjer etter prosjektledar

MøreTre søkjer etter prosjektledar

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. april 2012

På MøreTre er det travle tider og stor auke i omsetninga det siste året. No skal dei styrkje staben og søkjer no etter prosjektledar/tektnisk tegnar til Elementavdelinga. Dei søkjer etter ein person som skal ivareta dagleg produksjon og kunde-oppfølgjing ved element- og prosjekt avdelinga. Til stillinga ligg ansvar for tilrettelegging og oppfølgjing av den daglege drifta ved avdelinga. Nærare opplysningar om stillinga får ved å ta kontakt med avdelingsledar Nils Ove Bruset på MøreTre. Her kan du laste ned stillingsannonsen som PDF. Søknadsfristen er sett til 1. mai 2012.


I kveld: Dugnad på kyrkjegarden

I kveld: Dugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. april 2012

Tysdag kveld 24. april er det klart for vårdugnad på Todalen kyrkjegard. Det er Todalen sokreråd og kyrkjeverja som inviterer, og dei oppfordrar folk til å kome og hjelpe til med forskjellige slag oppgåver på kyrkjegarden. Det skal rettast opp gravstøtter og ryddast etter vinteren. Det trengs folk med rive, trillebåre, spett, spade og anna høveleg reiskap. Alle som ønskjer å delta er hjarteleg velkomne, og i tillegg stiller kyrkjetenar og folk frå soknerådet.  Det blir sjølvsagt dugnadskaffe! her finn du plakaten som PDF.


Lørdag: Dugnad i Båthavna

Lørdag: Dugnad i Båthavna

Jon Olav Ørsal Måndag 16. april 2012

Todalen båtforening kaller til dugnad i båthavna lørdag 21. april kl 11:00. Da det var tillyst dugnad før påske, var havna nedsnødd og det var umulig å få gjort noe. Nå er mesteparten av snøen borte, og en kan fjerne sporene etter Dagmar og gjøre klart for vårens båtgleder. Ta med familie og venner, oppfordrer styret i Todalen Båtforening, for jo flere vi er jo morsommere blir det. Iallefall går arbeidet fortere. Det trengs ei motorsag, og ei tømmerklipe eller to. Rive, krafse og trillebår er god utrustning for arbeidet som skal gjøres. Det skalbestilles bortkjøring av rusket, så oppgaven består i å samle etterlatenskaper etter Dagmar i hauger, slik at det bli radigt å kjøre det bort. Ta gjerne med ei kaffekanne, er meldingen fra styret.


Stem på månadens bilete for mars

Stem på månadens bilete for mars

Ole Petter Talgø Måndag 16. april 2012

Noko forsinka kjem her avstemninga for månadens bilete for mars. No ventar nok dei fleste på vår, så om du finn vårtegn eller tegn på sommar, kan du gjerne sende oss bilete!

Les heile saka

Hjort på innmarka

Hjort på innmarka

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2012

Etter kvart som snøen forsvinn så kjem no hjorten ned på innmarka i skyminga for å beite. Nygroen er nok «furkunnmat» etter å ha levd på gamaltgras, lyng og mose i skogen. På ein liten runde rundt bygda søndag kveld kunne fann vi ein flokk ved skogkanten ovafor Andersstua, ein flokk innafor Oddøya og nokre dyr utafor Øya. Det var nok i seinaste laget for frihandsfoto, men legg ut nokre bilde likevel.

Les heile saka

Søndag: Trimbasar i Ungdomshuset

Søndag: Trimbasar i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2012

Søndag 22. april mellom kl 15-18 er det storstila basar i Ungdomshuset. Det er Trimgruppa og Ski-/friidrettsgruppa som har sin årlege basar med stort basarbord, der gåvekort på Kårvatn Fjellustyr er hovudgevinsten. Elles er det utdeling av utmerkingar frå både ski- og trimaktivitetar som startar ca kl 17. Det gjeld både skimerke, friidrettsmerke og premiering av trimaktivitetane og ikkje minst Barn i løypa. Etterpå blir det trekning ca kl 18.00. Under basaren blir det kiosksalg av kaffe/brus og bakels med graut. Dersom du ikkje har høve til å kome på basar kan du støtte basaren med loddkjøp under førehandssalget laurdag, på Matkroken L.Hals! her finn du plakaten som PDF.