Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott skidag på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. mars 2014

Snømangelen i vinter har gjort at elevar og lærarar har venta på skikkeleg skiføret. denne veka vart det endeleg litt snø, og da vart fredagen nytta til ein etterlengta skidag i finvêret. Dei samla alle troppane og drog til Haugligardane på føremiddagen. Ola hjelpte til med skitransport, og Ståle hadde køyrt opp fine løyper medan ungane sjølve sørga for å byggje hopp.

Ola hadde også sørga for ved til grillane, og da smaka pølsene ekstra godt etter stor iver og innsats i bakkane.

Nedafor har vi laga eit stor bildegalleri frå skidagen på haugligardane.     Alle foto: Britt Mossing.

Publisert: 22. mars 2014, 00:20