Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Georg med storfangst….

Jon Olav Ørsal Fredag 21. mars 2014

Dei siste 2-3 vekene har Georg Mossing gjort storfangst på Todalsfjorden. Med båt og bruk har han drevet garnfiske, og fangstar i 100-kilosklassen har ikkje vore uvanleg. Det har vore artig, og det er god helsebot i dette ,fortel han. Sjå bileta og les om fiskeriet til Georg som driv sjøen i lag med «Lita».

DSC_9543

Hansfisk eller slimål som han også blir kalla. Denne karen har ødelagt mykje fisk for meg, seier Georg Mossing. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

«Lita» er ein golden retriever og eit trufast følgje når Georg tek båten og dreg ut på feltet for enten å sette eller dra opp garna. Dei siste 2-3 vekene har det vore skikkelege fangar på garna, både torsk, hyse og stor og fin sei. Enkelte dagar har fangsten vore på over 100 kg, og fredag var det 50-60 kg. Uten innmat vel og merke!

Heime har han forlengst fylt frysarane med både fiskefilet og fiskemat av ymse slag. No er det familie og venner som får nyte godt av leveransane med ferskfisk frå Georg. -Eg tykkjer det er artig å fiske, og det er også artig å gje bort fisk til folk som setter pris på det, seier Georg, som fortel at han dei siste vekene har fiska minst eit tonn.

For Georg er nøye med at han ikkje skal hauste meir enn det ein kan bruke. – Vi har eit ansvar overfor naturen med det.  Samtidig legg han til at alle i familien likar godt fisk og heimlaga fiskmat, og det blir ofte fisk til middag fleirtalet av dagane gjennom veka. Og no er det altså rikeleg med tilgang på råstoff, så det blir både til innfrysing og salting for å ha fisk utover våren og sommaren. For når vi når tak i april er det nok slutt på fiskeria for i vår.

DSC_9521

Denne bensindrevne garndragaren har vore til god hjelp. Foto:Driva/Jon Olav Ørsal

Vi tek i mot fiskaren når han går i land ved naustet i Ansneset. «Lita» er først på land, sjølv om ho sett stor pris på sjøturane og alltid er trofast ved skipperens side når ho og Georg sett kursen ut på «feltet». først går det en del tid på å sortere og lage fiskehenker med dei forskjellige sortane. Deretter skal alt på land, både fisk og garn. Men arbeidet er ikkje slutt med det. Mykje av fisken skal fileterast og garna skal greiast opp og klargjerast for ny utsetting. På dagar med store fangstar går heile dagen med til dette arbeidet.

I båten har Georg fått eit fint hjelpemiddel i den motoriserte garndragaren. Det er veldig tungt å dra garna opp frå sjøen, og den bensindrevne garndragaren er nok til god hjelp når garna skal opp i båten. Ekkolodd hører også til, men dette har han litt problem med etter følaren er skadd. Her må det nok ei nyinvestering til, for det er kjekt å ha for å sjå kvar fisken held til.

Straks etter landgangen kjem også den første kunden. Det er Bernt Jørgensen, som kjem for å få tak i «måiddhau» til dagens middags mål. Bernt har sjølv vore ein habil fiskar, og av prsten dei to imellom forstår vi at det er mykje komepanse på fisk tilstades. Bernt har vokse opp i havkanten på utsia av Senja, og det er ikkje tvil om at han har greie på fisk. Nokre torskar blir for haulause, og så kapper han bort det som er overflødig. – Dette er snadder gut, seier han og har nok alt begynt å gle seg på dagens middag som er både kortreist og rett frå Todalsfjorden.

Nedafor kan du sjå nokre bilete frå fredagens aktivitetar på fjorden og i støa ved Ansnesnaustet der georg har base for fiskeria.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 21. mars 2014, 17:29