Ved kvart ferjeanløp på Kvanne vil det i dag fredag stå ein minibuss klar til å skysse folk som treng å hente bilen sin i Svinvika.

Ved kvart ferjeanløp på Kvanne vil det i dag fredag stå ein minibuss klar til å skysse folk som treng å hente bilen sin i Svinvika.
Det blir gratis å reise med ferje til og frå Todalen fram til ein køyrbar veg er på plass, det har Møre og Romsdal fylkeskommune vedteke etter sterkt press frå bebuara i Todalen. Liggekai for ferja MF Førdefjord vil bli flytta frå Halsa til Todalen, noko som også gir moglegheiter for fleire ferjeavgangar til og frå Todalen frå neste veke.
Les heile sakaRasområdet i Todalen er no friskmeldt av fjellsikringsteamet og arbeidet med å fjerne stein og tre fra vegen er godt i gang. Torsdag gav fjellsikrarane frå Betongrenovering klarsignal til at arbeidet med å lage ein kjørbar veg gjennom rasområdet til fylkesveg 671 til Todalen kan byrje skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
.
Les heile sakaDet har i dag vore branntilløp i eksosmanifoilen på skyssbåten Tollesund. Dermed må båten desverre takast ut av ordinær rute med øyeblikkelig virkning fortel rådmann Knut Haugen på telefon. Båten slepast no til Kvanne for reperasjon. Han opplyser at ny skyssbåt allerede er på tur frå Måløy. Den ankjem Todalen seint i kveld, så ordinær rute blir derfor ikkje før i morgon tidleg.
Les heile sakaOnsdag kveld møtte vi bokstaveleg talt huldra i Svanhild Husbys skikkelse. Det skjedde ved ei tilstellning ved Talgø utstillingssenter ved Storfossen i Brusetmarka. Talgø har denne veka samla sine tropper på salgsavdelinga, og «huldra» var innhyra som underhaldning denne kvelden. Det var ei kjempefin oppleving i praktfulle omgivelser og det var nok mange som fikk ein klump i halsen når huldra kom ned frå fossen og ut frå skogen.
Les heile sakaI alt raskaoset har det rukket å bli ny månad, og her kjem ei forsinka avstemning for å kåre månadens bilete for juli. Vi er glade for at vi fortsatt får inn mange fine bilete vi kan legge ut som dagens bilete, så vi håpar at dykk fortsett med det sjølv med lange arbeidsdagar med båtskyss og mørkare dagar. Kanskje dukkar det opp eit fint motiv på vegen?
Les heile sakaSurnadal kommune har fått melding frå Statens vegvesen om at Fjord 1 må justere sine rutetider for MF Førdefjord for å kunne opprettholde antall turer mellom Todalen og Kvanne. Dette pga. den lange kjøringa frå/til Halsa morgon og kveld, og regelverk i forhold til maksimal arbeidstid for mannskapet.
Les heile sakaIvar Hol i Statens Vegvesen orienterer i ei pressemelding i dag at om at vegvesenet jobbar mot det mål å få ferdig kjørbar veg forbi rasstaden så snart som råd. Han understrekar i pressemeldinga dei ikkje kjenner seg att i Ordførarens sitat om at dette kan komme til å ta oppimot 2 månader. Han anslår at kjørbar veg vil kunne stå klar om 3-4 veker etter at sikringsarbeidet er ferdig, om veret tillet det.
Les heile sakaEtter at Maursund avslutta trafikken til Svinvika har det vorte litt rot med parkeringa i området. Lensmannskontoret presiserer at det er forbud mot parkering på vegen ned fra Svinvikkrysset ved fylkesveg 671 og helt ned til kaiområdet. Det er også parkeingsforbud på riksveg 671, som er vegen inn mot Todalen, da det no vil bli ein del tungtrafikk inn til rasområdet. Parkering skal skje på parkeringsplassen til arboretet og på parkeingsplass/lunningsplass ovafor fylkesveg 671.
Les heile sakaRutetider for buss og båt til vidaregåande skule og ungdomsskulen ligg no ute på Surnadal kommune si nettside. Kommunen opplyser at skuleskyssen skjer via skyssbåten Tollesund og ikkje bilferga Førdefjord. Vi gjengir tidene i sin heilheit her. Det første klokkeslettet gjeld avgang for dei som skal ta bussen til Surnadal Vidaregåande skule, medan den andre gjeld elevane som skal til Stangvik Oppvekstsenter eller Surnadal Ungdomsskule.
Les heile sakaBil, buss, båt, litt spasering og så bil. Dette er kortversjonen av ein ordinær morgon for dei som har starta opp att med arbeid etter ferien i Todalen. Ein styrer ikkje sjølv heilt sin eigen kvardag, men gjer det beste ut av det. Men for å få dette til å gå opp, er stort sett alle nødt til å ta hurtigbåten MS Tollesund.
Les heile sakaSkogkompaniet rydder no ffor å klargjere for sikringsarbeid ved rasstaden. Dei skal rydde unna skog i 50 meter i kileform mot rasstaden på begge sider av rasstaden. Dette er for å rydde plass for dei som skal starte sikringsarbeidet for ryddemannskapa og montering av ubåtnett. Seinare skal Skogkompaniet delta i utkjøringa av trevirket som ligg att rundt rasstaden, fortel driftsledar Palmer Vikan hos Skog-kompaniet.
Les heile saka