Sist onsdag var det igjen samling til Eldremiddagen, denne gangen med til sammen 23 gjester. Kokkene Karen Johanne og Grete bød på svinesteik og prostinnens aprikosfromasj, fulgt av kaffe og nystekt kringle, som falt godt i smak hos gjestene. Et viktig bidrag til den gode stemningen var at vi hadde tinget spesielt besøk denne gangen, av […]
Les heile sakaFasteaksjon med konfirmantane
Årleg gjer Surnadals-konfirmantane ein kjempeinnsats gjennom Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp. Tysdag 19. mars går dei dør-til-dør i heile kommunen. Men alt fredag går startskotet – gjennom inspirasjonssamling på Surnadal vidaregåande skule. Her vil konfirmantar og foreldre i møte med KN få sjå og høre korleis midlane som kjem inn, blir nytta der det trengst som mest. Årets aksjon har det dobbeltydige mottoet «Sammen forandre».
Les heile sakaStem på månadens bilete for februar
Noko forsinka kjem her avstemnings for månadens bilete for februar. No som sola begynner å vise seg ei stund utover ettermiddagen, håpar vi mange tek med seg kamera ut og sender oss eit bilete.
Les heile sakaLaurdag: Skiskytingens dag
laurdag 16. mars kl 12-15 blir det arrangert «Skiskytingens dag» ved skiskyttaranlegget på Nordmarka skisenter. Det er merkeprøver utan tidtaking. Arrangøren som er Indre Nordmøre Forsvarsforening held både våpen og ammunisjon (kal. 22). Merker kan kjøpast etter endt prøve. Dette er en uformell aktivitet, og alle kan delta, melder Indre Nordmøre Forsvarsforening.
Ein smak av Hollywood i Brusetmarka
Gammelfabrikken i Brusetmarka har denne veka vore filmstudio for ein dag. Det er filmklassen ved Nordmøre Folkehøgskule som no jobbar for fullt med sitt filmprosjekt som har bruka 3-4 lokasjoner på Gammelfabrikken til nokre av opptaka til spelefilmen dei jobbar med. Dei har den siste tida gjort filmopptak fleire plassar rundt i området, mellom anna i Stangvik, i Rindal, på Surnadalsøra og på folkehøgskulen. Desse opptaka skal etterpå klippast saman til ein kortfilm, som dei håpar skal bli ferdig ein gong i mai og som da vil få verdspremiere i Surnadal kulturhus.
Les heile sakaSlapp songgleda fri
55 5.klassingar, 4 møremusikarar og ein lettare forvirra konferansier gjorde kveldens Give me 5 konsert til ein musikals opplevelse for dei mange frammøtte i Storstuå som spent skulle sjå sine håpefulle opptre på ei stor scene kanskje for aller første gong.
Les heile sakaKulderekord for mars?
Det er uvant at det er så langvarig kaldt i mars, for gradstokken har vist meir enn – 10 fleire netter på rad. Nei da, det er faktisk ikkje så uvant! Jon Bruset har vore i temperaturarkivet, der han har notater frå 1990 og til dags dato. Der finn han at temperaturer under – 10 […]
Les heile sakaNordmørstreffet – full trøkk på Dokkhuset
Nordmørstreffet på Dokkhuset i Trondheim vart ein suksess, og det var bra oppmøte og god stemning. Sjølv om det var flest sunndalingar som kom på treffet, var det også mange med tilhørigheit i Surnadal som kom for å sjå kva samarbeidsprosjekt mellom Sunndal og Surnadal hadde å by på. Det var mange kjente næringslivsfjes som har sett stor prioritet på dette arrangementet. Mange var på jakt etter ingeniørar, men dette er generelt ein viktig plass for for nettverksbyggjing, fortel marketingsjef Heid Snekvik, som representere Talgø.
Les heile sakaHistorielaget – årsmøte 2013
Det blir årsmøte i Todalen historielag i Todalen ungdomhus søndag 17. mars kl. 14.00. i tillegg til vanlege årsmøtesaker vil Janne Carina Strand, som er prosjektkoordinator for kulturminner i Surnadal kommune kome for å orientere om kulturminneregistreringa i kommunen. Og sjølvsagt blir det kaffe og servering på tradisjonelt vis, skriv ledar Maren Ansnes i ein e-post til redaksjonen.
Les heile sakaBarn i løypa torsdag kveld
Leder i skigruppan, Jorid Haugen Ansnes melder om supre forhold i lysløypetrasseen i Ørsalbukta etter eit par dagar med brukbart snøfall. Skigruppa arrangerer derfor i kveld barn i løypa frå kl 18.
Alpinbakken er klar!
Mange har nok venta på denne beskjeden i vinter, og endeleg kjem den frå Surnadal Alpinsenter AS: Bakken opnar i kveld kl 17.30-21.00. Dei lokkar med reduserte prisar på årskortet sidan sesongstarten er ein god del forsinka.
Les heile sakaFrode vart heidra på årsmøtet
Frode Grønmyr trekte det lengste strået i konkurransen om årets bilete på Todalen.no for 2012. På årsmøtet fikk Frode premien som var ei innrama forstørring av sitt eige bilete med motivet frå nordlyset på nordhimmelen over Hjellnes. 15 personar møtte opp for å ta del i årsmøtet i Todalen ungdomshus, og vart fort avvikla.
Les heile saka