Førstkommende søndag arrangerer PT-utvalget i Todalen julegrantenning på Matkroken. Her blir det besøk av nisse og servering av gløgg, kaffe og pepperkaker.
Les heile sakaMånadens bilete: Morgonstemning
For oktober kan vi gratulere Marit Sanden Søyset som vinnar av månadens bilete med «Morgonstemning». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile sakaFørjulstreff med brannvern
Søndag 1. desember arrangerer Todalen Sanitetsforening førjulskaffe i Sanitetshuset. Der blir det denne gongen eit litt annleis arrangement, sidan det er røykvarslarens dag denne dagen, noko Omsorgsberedskapsgruppa i saniteten ønsker å markere. Derfor kjem utrykningsleiarane i Todalen Brannkorps til Sanitetshuset for å demonstrer sløkking av brann kl 14.
Les heile sakaProblem med breibandet
Med årsak i uværet melder Svorka at dei har problem med breibandleveransen innover til Todalen. Det er sett i gang feilretting, og Svorka Aksess rekar med at breibandsleveringa er på lufta igjen om ei lita stund. Ifølge Svorka ligg feilen i anlegget ved Bjønndulu.
Les heile sakaNRK-innslag frå Todalen
I morgon kjem NRK Møre og Romsdal til Todalen igjen. Det er Eirik Haukås som var utegåande reporter under dei verste dagane etter raset, som no kjem tilbake for å lage ein reportasje om tilstandane no når det har normalisert seg igjen.
Les heile saka118 dagar og 20,5 millionar etter
118 dagar er no gått sidan raset tok med seg vegen uti stranda 31. juli. Og aller helst skulle det nok ha vore ei lita markering på det i dag, sidan alle spor etter oppryddingsarbeidet i dag vart fjerna. Betongrenoveringsmannskapet reiste i går, medan A Gjerde i dag sette opp rekkverket på nedsida av vegen.
Les heile sakaTodalslista på plass
Då har vi endelig fått på plass Todalslista, etter eit års fråvær. Du finn den under menyen «Om Todalen» i toppen. Ta gjerne ein tur innom og sjå om du er oppført med korrekt adresse, og korriger den hvis du ser at noko er feil.
Les heile sakaSikringsgjerdet: – jobben er gjort!
Måndag vart monteringa av sikringsgjerdet ferdig – jobben var gjort for dei tre karane frå Bjerkvikfirmaet Betongrenovering Drift AS. Jobben har gått radigt, og dei har bruka 5 arbeidsveker på jobben med å sette opp det 6 meter høge sikringsgjerdet like ovafor vegen på rasstaden. Det er no gått 4 månader sia raset tok med seg ein bit av fylkesveg 671 ned på havets djup. Det skjedde onsdag 31. juli ca kl 9,45.
Les heile saka«Messias» – årets konsert?
Merk dykk tid og stad: Laurdag 30. november kl. 16 byr Stangvik kyrkje på årets konsertoppleving! Så å seie rett frå ovasjonar og fulle katedralar i Polen kjem Kristiansund Kammerkor med profesjonelt barokkorkester og framfører G.F. Handels knallsuksess «Messias».
Les heile sakaLaurdag: Ungdomshuset fullt av julestemning!
Førstkomande laurdag er alle lokale nisseverkstader samla til «fabrikkutsalg» i Todalen ungdomshus. Dei opnar dørene kl 11, og held ope til kl 16. Det er Elinor og Kristine som har drege i gang denne julemessa, og dei har fått med seg dei fleste lokale aktørane i bransjen, og på plakaten er det stilt garanti for god julestemning.
Les heile sakaRegn og mildvêr i vente dei neraste dagane
Det vil i løpet av neste døgn kome ein relativt stor nedbørmengde i distriktet . Saman med stigande temperatur kan regn og snøsmelting føre til raskt stigande vassføring og lokal oversvømming, med NVE i sitt flaumvarsel for 26. november. Det er difor viktig at vannvegar som slukar, kulvertar og stikkrenner blir haldne opne.
Les heile saka4-2 – Det vart Moldes dag!
I Todalen ungdomshus har det vore Cupfinale med stor stemning. Kampen blir vist på storskjerm, og eit trettitalss supportarar fulgte overføringa frå Ullevål stadion.
Les heile saka