Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Halloween-kafé på søndag

Elinor Bolme Onsdag 29. oktober 2014

Førstkommande søndag blir det arrangert eit lite Halloweenparty i Skulstuå. Det er Justyna Krajewska på Bjørli som har drege i gang arrangementet, og har fått med seg fleire småbarnsforeldre i komiteen. Dei inviterer derfor alle ungane på barnehagen og opp til og med 4. klasse til enkel halloweenfeiring søndag ettermiddag.

Her blir det lett servering og mykje leik frå 13:00 til 15.30.

Sjå heile plakaten her:Halloween-kafe

Publisert: 29. oktober 2014, 18:45