Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du lyst til å bli med og lage julerevy?

Jon Olav Ørsal Måndag 27. oktober 2014

Revygjengen ligg i startgropa for å lage julerevy til 3. juledag.  Det er Håvard Halset som inviterer og han fortel at dei treng folk i «alle posisjonar». Det gjelder både skriving, scenemannskap, lyd- og lysmannskap og ikkje minst aktørar eller om du heller vil skodespelarar.

Har du lyst til å bli med så er det berre å ta kontakt med Håvard på telefon 402 33 465, så er du komen inn i «rullane».  Han håpar at det blir mange som vil bli med, og han presiserer at det slett ikkje er noko krav at du er «etnisk todaling» for å bli med.

Revygjengen gler seg til å kome i gang no, og alt neste veke skal det være samling for å legge ei slagplan for julerevyen. Plana er det det skal være framføring av revyen 3. juledag slik som tidlegare.  Meld deg på og bli med er vår oppfordring!

Først publisert: 27. oktober 2014, 20:00 - Sist oppdatert: 28. oktober 2014, 08:24