Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Regn og mildvêr truar randonee-NM

Regn og mildvêr truar randonee-NM

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. januar 2013

Regnvêret dei siste dagane skaper problem for NM-arrangøren Todalen idrettslag. Det er no klar at det ikkje blir arrangement på Kårvatn slik det var planlagt. Snøtilhøva på Kårvatn og i området opp mot Tydalsnebba gjer det umuleg å gjennomføre arrangementet her, fortel rennledar Nils Ove Bruset. Men har enno håp om å kunne gjennomføre det eine løpet som er Randonee-NM ved å flytte arrangementet til Sæterlia i Surnadal.

Les heile saka

Ny sesong på Velværesentret

Ny sesong på Velværesentret

Jon Olav Ørsal Fredag 4. januar 2013

På Surnadal trenings- og velværesenter markerer dei starten på det nye året med nybegynnartimar. Det skjer frå neste veke og varer i fire veker framover. Da startar dei også oppatt med barnedans og klatring igen. Har du lyst til å bli med så kan du kom innom, ringe eller send e-post. Tlf 93 06 70 72 eller e-post velvaere@svorka.net. Meir informasjon kan du og finne på heimesida: http://www.suvelsenter.no/index.htm


Eldremiddagen startar på

Eldremiddagen startar på

Jon Olav Ørsal Fredag 4. januar 2013

Eldremiddagen atartar på igjen, etter nokre veker med juleferie. Førstkomande onsdag (9.1.) fylles grytene igjen, og første kokkelag ut er Grete Torvik og Karen Johanne Talgø som kan by på ertesuppe og steikt potetball, kaffe og kake til dei som møter opp. Det skjer som vanleg i Sanitetshuset, og middagen er klar for servering kl 13.00.

.


Ordføraren takka for innsatsen…

Ordføraren takka for innsatsen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. januar 2013

I dag fikk vi en hyggeleg telefon til redaksjonen i Todalen.no. Det var ordførar Mons Otnes som ringte for å takke alle som hadde vore med og hjelpt til med å etablere beredskap da bygda vart utan telefonsamband 2. juledag. Todalen.no var da først ute med informasjon om feilen på telenettet, og informasjonen kom derfor fort ut slik at den komunale beredkapen vart ivareteken. Otnes rettar ein spesiell takk til brannvaktene som stillte opp, og som raskt etablerte beredskap ved hjelp av satelitt-telefon og jaktradioer. Otnes fortalte at fylkesmannen også var imponert over organiseringa og kor godt dette hadde fungert.

Les heile saka

Mykje å gle seg til på kulturhuset i januar.

Mykje å gle seg til på kulturhuset i januar.

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. januar 2013

Kulturkalenderen for Surnadal kulturhus er klar, og den inneheld mange godbitar for den som er kulturinteressert. I tillegg til kino kvar onsdag, fredag og søndag, har dei mykje anna å tilby. Vi kan nemne: Laurdag 12. kl 13.00 er det opning av kunstutstillinga Vintersyn i Finstuå. Her er det Kristian Finborud frå Voss som er utstillar. Med teknikker som etsning og aquatint, har han blitt kjent for sine humoristiske motiver, karikaturer av norsk folkesjel, så vel som landskapsskildringer.

Les heile saka

Biblioteket startar på igjen torsdag.

Biblioteket startar på igjen torsdag.

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. januar 2013

Torsdag 3. januar er det klart for første opningsdag i bibliotetet, melder Karen Johanne Talgø. Todalen filial er open kvar torsdag frå kl 18.00 – 20.00 for utlån av bøker, lydband og filmar. Ho ønsker alle godt nyttår til alle, og håpar at både store og små er flike til å bruke biblioteket i 2013 også. Biblioteket er ope i skulåret.


Fullt på isen

Fullt på isen

Elinor Bolme Onsdag 2. januar 2013

1. nyttårsdag nytta mange å ta turen på den supre isen på Bordholmen. Her fekk både gutar, jenter, menn og falma kunsløpsentusiastar fart på seg. Isen som vart anlagt før jul var i tipp topp stand og leiken var like fornøyeleg for liten og stor. Og på sidelinja var sekkar med kakao og kaffe tilgjengelege når føtene vart litt slitne. Idrettslaget har kjøpt inn nokre køller som står til utlån nedpå der, om nokon vurderer å driste seg på ein ishoocheykamp ein gong.

Les heile saka

Nyttårsbilder

Nyttårsbilder

Elinor Bolme Onsdag 2. januar 2013

Marita Nordvik Bruset har sendt oss nokre fine bilder som ho har teke på nyttårsaften. Ho skriv ikkje kvar bilda er tatt, men fine er dei.

Les heile saka

Godt nytt år!

Godt nytt år!

Elinor Bolme Tysdag 1. januar 2013

Da har vi kommet over i eit spilder nytt år, og vi i redaksjonen ønsker alle våre lesere, brukere og ikkje minst bidragsytarar i 2012 alt godt i det nye. Vi går med blikket retta inn mot vårt fjerde driftsår her på todalen.no, mykje takka være bidrag og positive tilbakemeldinger nettopp fra dere «der ute». Vi […]

Les heile saka

Avslutta 100-årsjubileet med stil

Avslutta 100-årsjubileet med stil

Elinor Bolme Måndag 31. desember 2012

I kveld avslutta Terje Nordvik sitt 100-årsjubileum for nærbutikken her i Todalen L. Hals. I anldninga hadde han lyssett autovernet med fakkelboksar heilt frå Todalshaugen og bortom Yttre Drivå.

Todalen.no vart naturlegvis utbedt til å sjå på, og må nok rett og slett skryte, for det var utruleg stemningsfullt. Som dei fleste hugsar, så åpna han 100-årsjubileet med eit heidundrande fyrverkeri på Bordholmen på nyttårsaften i fjor.

Les heile saka

Frisk nyttårshelsing

Frisk nyttårshelsing

Elinor Bolme Måndag 31. desember 2012

Nokre få todalingar er litt meir varmblodige av seg enn andre. Dette har redaksjonen fått bildebevis på no i ettermiddag. Hardhausane skriv i ein epost: Godt nyttårsaftenbad!

Les heile saka

Stor trafikk på Todalen.no

Stor trafikk på Todalen.no

Jon Olav Ørsal Sundag 30. desember 2012

Det har vore stor trafikk på Todalen.no i jula. Trøbbel med telefonforbindelsen inn til Todalen har nok sett ein ekstra spiss på besøksfrekvensen, i tillegg til julerevy og romjulsmarsj. Romjulsmarsjen har i skrivande stund passert 600 treff sidan 4. juledag. Hittil i år er det registrert over 272.000 besøk på nettsida, som er ei auke på 26,5 % samanlikna med 2011. Det er tal som redaksjonen godt nøgd med.

Les heile saka