Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med takspon frå Øyalia

Elinor Bolme Onsdag 29. oktober 2014
Åshild Fjøseid har sendt oss eit bilde frå restaureringa på taket av Uvdal stavkyrkje. Ho las tidlegare i vår her på todalen.no om tømmerdrifta med helikopter i, der «spesialfuru» frå Øyalia i Todalen skulle brukast til takspon på fleire stavkyrkjer i landet. Det var Husasnotra i Valsøyfjorden som skulle produsere takspon til stavkyrkjene i Nore og Uvdal, og todalståillå som vart floge ned først på januar i år, er no vorte til 15.000 takspon til dei to kyrkjene etter kvart.
Åshild har kjentfolk på Rødberg, så da ho og Anders Halset skulle reisa sørover til Skien for å reise ein tur med Telemarkskanalen stoppa vi ved først ved Uvdal stavkyrkje før dei besøkte kjentfolket.
Bilete er frå Uvdal stavkyrkje, oppsett i 1168.
Her er saka om tømmerfraktinga frå 21.1.14: Tømmerdrift med helikopter
Publisert: 29. oktober 2014, 07:00