Med jula kjem og juleølet, og i god tradisjon skal Todalen Juløltestarlaug foreta smakstesing av fleire ulike sortar juleøl. Årets test var gjennomført i Bud, kystens perle, der ein av laugets medlemmar til dagleg held hus. Alle dei 33 sortane vart behørig testa, og kriteria var som ved ein fullgod offisiell test i ulike media: […]
Les heile sakaRomjulsmarsjen – 3. juledag tek vi runden rundt bygda!
Romjulsmarsjen er ein godt innarbeidd tradisjon i Todalen. Sjølv om det er mykje som skjer denne dagen så setter vi av tid til ein runde rundt bygda. På det meste har mesta 150 små og store todalingar delteke på dette arrangementet i TIL trimgruppas regi. Det blir start mellom 12 og 15, og som vanleg er det registrering på Bruset og ved Sandstad, der det også er gløggservering.
Les heile sakaMatkroken – opningstider før jul og i romjula
Handelsmann Nordvik på Matkroken L.Hals melder om nokre endringar i opningstida før jul og i romjula. Det startar med utvida kioskope på søndag, da opningstida blir frå 14 – 18. Måndag 23. er opningstida utvida til kl 19. Julaftan er opningstida 9-13. Han minner og om at HalsOil-stasjonen er open heile døgnet for kortkjøp, og eller i opningstida for butikken for kontantkjøp.
Les heile sakaI dag snur sola – snart er det vår!
Endeleg er det lysning i sikte. Laurdag 21. desember kl 18.11 snur sola, og det går mot lysere tider. I Todalen er det «mørketid» akkurat nå, men det lir ikke langt utover januar før sola kikker frem igjen, og vi merer snart at dagene blir lengre. Det går ikke så fort i starten, men etter hvert blir dagen en time lenger hver 10. dag.
Les heile sakaRimeleg julegave T-skjorte og Collegegenser på laurdagstilbud
Todalen idrettslag tilbyr eit restparti med T-skjorter og Collegegensere til rimeleg pris. For kr 50 får du kjøpt T-skjorter og collegegensere med TIL-logo. Det blir salgsstand på Matkroken L.Hals laurdag mellom 11 og 15. Både T-skjorter og Collegegensere er av fleire forskjellige størrelsar. Nytt høvet til å kjøpe deg eit plagg med laget logo
Les heile saka«På kanten av…» i innspurten – har du billett?
For todalingane blir det ikkje jul utan 3-dagsfest og julerevy. Todalen idrettslag er i rute med julerevyen og vi gler oss på romjulsfesta, seier festsjef Borghild Talgø. Mange trur nok at det blir raset som blir hovudtema for revyen i år, men der tek dei grundig feil, seier Håvard Halset som er talsmann for revygjengen. […]
Les heile sakaJulebutikken på låven
I butikken til Kårvatn Fjellutstyr er det fullt trykk om dagen. Her finn du gåva til dei «som har alt», og laurdag er det servering av gløgg, kaffe, kjeks og pepparkaker. Butikken er open frå 10-16.
Les heile sakaSå blir det ein lang juleferie
Fredag var det siste skuledag for i år. Tadisjonelt brukar Todalen oppvekstsenter avslutte til jul med ei eiga julegudsteneste i Todalen kyrkje, og den korte turen til kyrkja tek dei sjølvsagt til fots, med eit fint fakkeltog nedover nedover i halv mørkret. Her er heile hopen på tur attende til skulen, og da var god trafikkultur […]
Les heile sakaMånadens bilete: Morgenstund på Lauvåfjellet
Da er avstemninga av månadens bilete for november ferdig, og vi kan gratulere Jo Gjeldnes som vinnar med biletet «Morgenstund på Lauvåfjellet». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile saka4. juledag blir barnas dag på Pakkhuset
4. juledag, kl 16.00, blir det musikkeventyr på Pakkhuset. Det er Eirik Husby som kjem med ei forestilling for barn i alderen 3-6 år, men passer også for dei som er både mindre og større. Om musikkeventyret fortel Eirik:
Les heile sakaInnslag frå Todalen på NRK1 – sjå det på nettet!
Fredag 20. desember blir det eit innslag på NRKs lokalsending frå Todalen. Lokalsendinga er utvida denne kvelden, og startar alt kl 18.10, og går heilt fram til Dagsrevuen kl 19.00. Etter plana kjem innslaget ca kl 17,25, og varer rundt 5 minutt. Du må berre hugse å velge rett kanal, NRK Møre og Romsdal, for elles kan du oppleve å få f.eks. Østlandssendingen på skjermen.
Les heile saka100 år med Sunndalshistorie mellom permane
«Hundre år i Sunndal» er ei imponerande samling historie, der forfattarane har funne plass til både store og små hendingar i Sunndal dei siste hundre åra. Bokprosjektet har vore mykje omtala i media, og vi har sett at det har vore delte meiningar om korleis dette skulle gjerast. Når ein sit og blar i resultatet av diskusjonane, blir ein berre imponert. Interessant, lettlest og ein masse bilder. Unike bilder!
Les heile saka