Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
IL Søya årets Fair play klubb!

IL Søya årets Fair play klubb!

Elinor Bolme Torsdag 10. januar 2013

NFF har sammen med Nordmøre og Romsdal fotballkrets kåret IL Søya til årets FAIR PLAY-klubb for 2012, skriv Erik Hals på kretsens eigne nettsider i dag. Begrunnelsen er basert på klubbens deltakelse i kvalitetsklubbprosjektet i 2012. Dette har gjort klubben meir bevisst på det med fairplay og alt som det fører med seg.

Les heile saka

Legevaktordninga oppe til debatt

Legevaktordninga oppe til debatt

Elinor Bolme Onsdag 9. januar 2013

Todalen Sanitetsforening starta i går kveld opp att med nok eit aktivt sanitetsår. På årets første medlemsmøte fekk dei attpå til storfint besøk frå Surnadal kommune, representert av assisterande rådmann og kommunalsjef Gunnhild Eidsli og leiar i Helse- og Omsorgsutvalet og varaordførar Lilly Gunn Nyheim. Bakgrunnen for dette besøket var at Todalen Sanitetsforening før jul sendte formannskapet i kommunen ein uttale vedrørande gjennomgangen av den nye legevaktordninga som skal opp til vurdering i formannskapet no på februar.

Les heile saka

Problema løyst for denne gongen

Problema løyst for denne gongen

Elinor Bolme Tysdag 8. januar 2013

Da skal telefonforbindelsen for de i som har vore utan, no vere retta igjen. Det viste seg at det var eit fuktproblem i ein transmisjonskabel som var årsaka her i Todalen. El-Tel arbeider med å bytte ut deler av strekket nå. Men underveis har dei no funne ut at kablane må gravas djupere ned for å unngå fuktskade igjen. Kabelane må også omskjøtes i koblingspunktene. El-Tel har meldt om ny estimert rettetid til Telenor, som foreløpig er satt til kl.18 i dag. Etter ein henvendelse til Håvard Halset litt over kl 16 i ettermiddag, kunne han bekrefte at linjene var oppe som normalt, der i allefall.

Vi har også fått bekrefta at tryggheitsalarmane no virkar!


Stem på månadens bilete for desember

Stem på månadens bilete for desember

Ole Petter Talgø Tysdag 8. januar 2013

Sjølv om vinteren fortsetter nokre månader til er sola allereie på vet opp at. Ein mørk desembermånad har ikkje vore til hinder for dei flittige fotografane som sender inn bilete til oss, og no skal vi kåre månadens bilete for desember. Dette blir siste avstemning før vi går i gang med avstemning av den gjeve tittelen årets bilete for 2012!

Les heile saka

Netcom slit med dekninga i området

Netcom slit med dekninga i området

Elinor Bolme Måndag 7. januar 2013

Fleire har i løpet av kveldinga meldt om utfall av Netcomnettet i bygda. Todalen.no tok ein kjapp telefon til Netcom sin kundeservice, og den hyggelege dama kunne bekrefte at dette var tilfelle. Området det gjaldt var forholdsvis stort, heilt opp til Orkanger og Kyrksæterøra. Noko konkret rettetid kunne ho ikkje gi, abonnentane må desverre berre smøre seg med tolmodigheit…denne gongen også. Men dama på kundeservice oppfordra til å ringje om det skulle vedvare lenge.

Les heile saka

NM ved Strengen

NM ved Strengen

Elinor Bolme Måndag 7. januar 2013

Da har vi fått klarskap i det forestående NM i randonè som har hatt en del usikkerhet angående gjennomføringen på grunn av mye våt nedbør. Sæterlia var først i helga eit alternativ, men etter befaring der har arrangørane valgt å flytte det til Strengen/Røen området, med ett renn på lørdag.

Les heile saka

Hjortfest 19. januar

Hjortfest 19. januar

Elinor Bolme Sundag 6. januar 2013

Komiteen for fjorårets hjortfest, Kvendset jaktlag melder om at den utsatte festa frå november vil bli arrangert i Todalen Ungdomshus 19. januar. Her ligg det an til tradisjonell servering av hjort, utdeling av «Den gyldne patron 2012» og dans til Perikom light.


Oppdatert aktivitetskalender

Oppdatert aktivitetskalender

Elinor Bolme Sundag 6. januar 2013

Da skal vi ha fått oppdatert vår aktivitetskalender med alle søppeldagar i 2013 og andre arrangement som vi veit om. Men redaksjonen håpar at flere benytter seg av denne muligheita våre medlemmar har til å bruke aktivitetskalenderen som ein nyttig informasjonskanal. Send oss ein sms eller ein epost, så legg vi inn etter kvart!

Ellers er det også plass til fleire medlemmar hos oss. Både for privatpersonar, lag, organisasjonar og bedrifter.

Les heile saka

Regn og mildvêr truar randonee-NM

Regn og mildvêr truar randonee-NM

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. januar 2013

Regnvêret dei siste dagane skaper problem for NM-arrangøren Todalen idrettslag. Det er no klar at det ikkje blir arrangement på Kårvatn slik det var planlagt. Snøtilhøva på Kårvatn og i området opp mot Tydalsnebba gjer det umuleg å gjennomføre arrangementet her, fortel rennledar Nils Ove Bruset. Men har enno håp om å kunne gjennomføre det eine løpet som er Randonee-NM ved å flytte arrangementet til Sæterlia i Surnadal.

Les heile saka

Ny sesong på Velværesentret

Ny sesong på Velværesentret

Jon Olav Ørsal Fredag 4. januar 2013

På Surnadal trenings- og velværesenter markerer dei starten på det nye året med nybegynnartimar. Det skjer frå neste veke og varer i fire veker framover. Da startar dei også oppatt med barnedans og klatring igen. Har du lyst til å bli med så kan du kom innom, ringe eller send e-post. Tlf 93 06 70 72 eller e-post velvaere@svorka.net. Meir informasjon kan du og finne på heimesida: http://www.suvelsenter.no/index.htm


Eldremiddagen startar på

Eldremiddagen startar på

Jon Olav Ørsal Fredag 4. januar 2013

Eldremiddagen atartar på igjen, etter nokre veker med juleferie. Førstkomande onsdag (9.1.) fylles grytene igjen, og første kokkelag ut er Grete Torvik og Karen Johanne Talgø som kan by på ertesuppe og steikt potetball, kaffe og kake til dei som møter opp. Det skjer som vanleg i Sanitetshuset, og middagen er klar for servering kl 13.00.

.


Ordføraren takka for innsatsen…

Ordføraren takka for innsatsen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. januar 2013

I dag fikk vi en hyggeleg telefon til redaksjonen i Todalen.no. Det var ordførar Mons Otnes som ringte for å takke alle som hadde vore med og hjelpt til med å etablere beredskap da bygda vart utan telefonsamband 2. juledag. Todalen.no var da først ute med informasjon om feilen på telenettet, og informasjonen kom derfor fort ut slik at den komunale beredkapen vart ivareteken. Otnes rettar ein spesiell takk til brannvaktene som stillte opp, og som raskt etablerte beredskap ved hjelp av satelitt-telefon og jaktradioer. Otnes fortalte at fylkesmannen også var imponert over organiseringa og kor godt dette hadde fungert.

Les heile saka