Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eitt år har gått…

Elinor Bolme Torsdag 31. juli 2014

På føremiddagen i dag er det akkurat eitt år sidan raset uti stranda vart utløyst etter store nedbørsmengder. Ei hektisk tid, i allefall dei første døgna, men også ei tid med mange trivelege minner som ein av og til tek seg sjølv i å savne pittelitt. I den anledning har vi naturlegvis vore i kontakt med mannskapet både på skyssbåten Tollesund og frakteskipet Maursud, for å høyre kva dei driv med året etter.

Tollesund

Tollesund er for tida på oppdrag i Aurland for å frakte turistar mellom Flom og Balestrand kan skipper Per Daniel Losnegård fortelje. Han har også denne sommaren «sommarjobb» på far Einars båt eit par veker for å avlaste. Til dagleg er han styrmann på fiskarbåten Gambler, som ferdast litt over alt. Han nemner både Irland, Finnmark og Island. I løpet av eit år kan han være rundt 3-4 månader ute. Far Einar, som er skipper på Tollesund til dagleg har no teke seg ein velfortjent ferie og er på kvalsafarie fortel Per Daniel.

IMG_1872

Dei fleste husker nok også den unge matrosen Yngve Lien som var med i den første tida. Han starta i fjor haust på styrmannsskulen i Måløy, og har no eitt år att der. I sommar jobbar han på settefiskanlegget til familien.

Maursund

Maursund gikk i reinfrakting rett etter ho forlot Todalen fortel vår kontaktperson Rune Stråmyr. Etterpå vart det ein tur til Svalbard for så å få alle maskiner ned fra Sørøya. Det var utstyr som var bruka til fjerning av den havarerte Russiske destroyeren som havna i fjæra der. Ellers har Maursund vore på Jan Mayen i år og er no på ny tur dit og til Bjørnøya.

Maursund har også blitt malt i sivile farger og er blitt ordentlig flott fortel Rune. Han har fra mars ført ferger i nord men har ukentlig kontakt med sine gamle kolleger i Seaworks.

MS Maursund_2014_013

Maursund er måla i rederiets farger etter at den var i Todalen. Foto: Seaworks

Samtlege av mannskapa som redaksjonen har vore i kontakt med ber oss helsa til todalingane!

Under er eit mimregalleri frå sommaren vi seint gløymer. Foto ElinorB og JonO

 

Først publisert: 31. juli 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 30. juli 2014, 23:12