Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trym gikk til topps i skribentkonkurranse

Elinor Bolme Fredag 28. november 2014

Trym Schei Kvendset vart tirsdag overraska av lokalpressa i Surnadal og ein representant frå Teatret Vårt da dei besøkte 6A ved Øye Skule i forbindelse med fylkeskonkurransen «Hvem bestemmer».

Konkurransen var ein del av Teatret Vårt sitt opplegg til alle elevane i 5.- 7. klasse i heile fylket i forbindelse med grunnlovsjubileet. Dette i  sammarbeid med avisene Tidens Krav, Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke, skriv Tidens Krav på si nettside. Elevane kunne velge mellom fleire oppgåver, og over 40 ariklar kom inn til juryen, der Trym til slutt vart kåra til fylkesvinner. Klassen vart dermed sikra ein sjekk på 5000 kroner, eit teaterbesøk og omvisning hos Tidens Krav.

Les heile saka på Tk.no: Dette er 6. klasingenes kampsaker

Og Trym sitt vinnarbidrag her  Leksefri Skule

Foto: Tor Helge Solli/Tidens Krav

Publisert: 28. november 2014, 17:38