Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storsvert julemarked på Kårvatn

Elinor Bolme Laurdag 29. november 2014

Dagens julemarked på Kårvatn kan nok seiast vart ein liten suksess. Rundt 15 utstillarar hadde rigga seg til i lokala til gamle Kårvatn Fjellutstyr hos Gudmud Kårvatn, og folk strømma til frå åpning og utover heile dagen. Her var alt fra strikkavarer, honning, smykker, trearbeid, konfekt, lefser, saft og heimlaga bøker av urtepapir, for å nemne noko og slettes ikkje alt.

På stabburet var fotograf Kristine Saksen rigga til med sin gamle slede og tok i mot til julekortfotografering. Ho melder om ok respons etter endt dag, med fleire avtalar i etterkant.

Dei aller fleste som tok turen på julemarked var nok også innom damene på Kårvatn Fjellutstyr. Der var det servering av kaffe, gløgg og kakao med søte kaker til. Det var til tider trongt om sitteplassane, da folk tok seg god tid til å treffe kjentfolk og slå av ein prat. Også her kunne ein gjere unna julehandelen med fleire gode tilbud i sportsbutikken.

Under er eit bildegalleri frå julemarked og butikkliv. Alle foto ElinorB

 

Publisert: 29. november 2014, 22:57