Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laurdag blir livleg i kulturhuset

Laurdag blir livleg i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. mars 2013

Laurdag 9. mars, mellom kl 13 og 16, er det barnas kulturdag i kulturhuset. Og vi gler oss til at huset skal bli fullt av blide og spente småtassa, skriv kulturhussjef Karstein Telstad i ein e-post til Todalen.no. Det blir som vanleg tegning, ansiktsmåling, lesestund, dans og teater. I år skal vi ha ein lokal vri på teatret, da det er spesialbestilt fra Nordmøre Folkehøgskule.

Les heile saka

Feirer 1-årsdag på kvinnedagen

Feirer 1-årsdag på kvinnedagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. mars 2013

Fredag 8. mars er det eit år sia Surnadal trenings- og velværesenter flytta inn i nye lokaler og utvida verksemda. Det vil dei markere skikkeleg, og slår til med open dag (og kveld) med mange gruppetimar og instruksjon i styrkesalen og bootscampen. Og denne dagen er det gratis, og dersom du blir medlem den 8. mars får du gratis innmelding og ein månad gratis trening der klatreveggen er med i abonnementet.

Les heile saka

Feira seg sjølv!

Feira seg sjølv!

Elinor Bolme Tysdag 5. mars 2013

IL Søya feira seg sjølv med stor bravour i kveld i kantina ved Surnadal Ungdomsskule. Her var dei fleste fotballinteresserte i eigen klubb, og samarbeidsklubbane Todalen og Kvass/ulvungen frammøtte for å overværa at sjølvaste Per Ravn Omdal overrekte Fair Play prisen som klubben vart tildelt hausten 2012.

Les heile saka

Cecilie Skog kjem til Vandrefestivalen…

Cecilie Skog kjem til Vandrefestivalen…

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mars 2013

Cecilie Skog blir nok det store trekkplasteret når Norsk Vandrefestival blir arrangert i perioden 2.-4.- august i år.  Norsk Vandrefestival skal ha base i Svinviks arboret i år, skriv Driva på sine nettsider Driva.noNorsk Vandrefestival arbeider no med å få på plass resten av programmet til årets vandrefestival, og dei oppmodar om å sette av dagane fra fredag 2. august til og med søndag 4. august.


Stordrift i Brusetmarka

Stordrift i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mars 2013

Denne veka er det stordrift med granhogging i Brusetmarka. Det er deler av granfeltet til Ola Bruset som no skal til pers, og i denne omgangen skal det driver fram ca 12-1500 m3, av eit totalt omfang på nærare 6000 m3. Det er Sollid Skog AS i Surnadal som arbeider med ei stor hogstmaskin og ein last bærar til å kjøre fram tømmeret. I tillegg har dei og ei gravemaskin tilgjengeleg for å lag korte køyrevegar der det er naudsynt for å få fram tømmeret.

Les heile saka

Prisutdeling med Ravn Omdal

Prisutdeling med Ravn Omdal

Elinor Bolme Måndag 4. mars 2013

Tirsdag 5. mars kl 18.00 på Surnadal Ungdomsskole arrangerer IL Søya – fotballgruppa Fair Play-kveld for både store og små fotballspillere og foreldre – og selvfølgelig alle andre fotballinteresserte i Søya. Klubben ønsker at samtlige spillere – og flest mulig foreldre setter av denne kvelden. Da kommer nemlig Per Ravn Omdal, tidligere fotballpresident og UEFA-styremedlem på besøk, og det ligger an til en storslått feiring av en klubb i medvind. Per Ravn Omdal kommer i den anledning som «Fair Play-ambassadør» i forbindelse med Fair Play-prisen som IL Søya er tildelt for 2012 i Nordmøre og Romsdal Fotballkrets.

Les heile saka

Gudsteneste og årsmøte

Gudsteneste og årsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2013

Søndag 10. mars kl 11.00 er det gudsteneste i Todalen kyrkjem med sokneprest Bernt Venås. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp.
Etter gudstenesta blir det årsmøte og kyrkjekaffe, melder soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen.


Etterakster etter regn og storm

Etterakster etter regn og storm

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2013

Arbeidet med å opne stikkrenner og skaffe avløp for oppsamla vatn held fram. Vegvoktarar og folk frå kommunen har vore i aktivitet heile helga for å skaffe avløp for alt vatnet. No er det stort sett opprydding og finpussing som pågår, samtidig som det er mindre nedbør fram til tysdag ettermiddag, da det blir litt snø etter meldingane til yr.no.

Les heile saka

Nokre trossa styggveret

Nokre trossa styggveret

Elinor Bolme Måndag 4. mars 2013

Ikkje så alt for mange trossa styggveret laurdag og tok turen til Sanitetshuset på strikkekaffe. Men dei som kom fekk også denne gongen sitte i triveleg selskap og utveksle erfaringar og beundringar for arbeidet sitt. Nokon gjekk også denne gongen heimatt med ny lærdom på strikkefronten.

Les heile saka

Nils Ove er i sporet….

Nils Ove er i sporet….

Jon Olav Ørsal Sundag 3. mars 2013

Nils Ove Bruset har starta på den 90 km lange turen frå Sälen til Mora i Vasaloppet 2013. Det er han ikkje aleine om, for det er i år 15.800 deltakarar fra mange nasjonar som er påmeldt som deltakarar i årets Vasalopp. Dersom du følger med på sendinga fra Vasaloppet på TV2, kan du sjå etter startnummer 13477, og på den digitale resultatservicen har vi alt registrert at han har passert Mångsbodarna på mellomtida 1.55.39 i skrivende stund (kl 10.05).

Les heile saka

Båthavna er skadd

Båthavna er skadd

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mars 2013

Uværet har sett sine spor også i Todalen. Det er først og fremst den sterke vinden som har ført til at anlegget til Todalen Båtforening har fått skade etter at flere trosser har røket. I en pressemelding til Todalen.no, skriver leder Lars Stensby: «Todalen Båtforening har hatt skader i havneanlegget. Vinden har satt is, brygge og båt i bevegelse.

Les heile saka

Grisvêr ute

Grisvêr ute

Elinor Bolme Laurdag 2. mars 2013

Dei fleste i Todalen er å finna innomhus i dagens grisvêr. Redaksjonen har vore på ein liten runde rundt byda for å sjå om det er store vassmengder rundt om. I småbåthamna er for eksempel landgangen ned til båtutlegget i ferd med å løsne, så her kan det nok føre til fleire skadar på både båten som ligg der, og sjølve utlegget.

Les heile saka