Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein skuledag utanom det vanlege

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. september 2014

Fredag vart ein skuledag utanom det vanlege for elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter.  Heile gjengen, tilsaman over 80 elevar  frå dei to skulane og barnehagane var samla på Stangvik skule for å høyre, sjå og lære mykje nytt om naturfag. Den pensjonerte naturfaglektoren Einar Oterholm hadde med seg mykje rart utstyr for å vise fram og lære bort noko av kunnskapen sin til elevane.

Og Oterholm hadde mykje rart utstyr i bæreposar og kassar, som han viste fram og forklarte for elevane. Til tider var det både spennande og overraskande ting som skjedde og han hausta både applaus og jubel for mange av dei rarer øvelsane som vart gjort. Det høyrde med både søling med vatn og til og med fekk han det til å smelle til stor begeistring frå elevane.  Elevane vart inndelt i grupper og fikk prøve seg på mange rare øvingar og oppgåver.

Men innimellom var det også litt meir alvor, som da han viste fram korleis eit auge virkar, med den gule flekk og den blinde flekk. Vidare kvifor og korleis ein korrigerer for nærsynte og langsynte. Men mest populært var nok vassraketten, der ein fylte litt vatn på ei flaske og ved hjelp av trykkluft sendte «raketten» til værs. Men kvifor han hadde ein eigen evne til å lande på taket av skulen var det mange som lurte på!

Blir det iskrem av dette?  foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Dagen vart avslutta med å lage iskrem til alle ved hjelp av flytande nitrogen. Dette var det nok mange som var skeptiske til, og elevane fulgte nøye med når tre av lærarane sette i gang, med egg, fløyte og sukker som råstoff, og flytande nitrogen oppi som kuldemedium. Det såg nok litt dramatisk ut med all kulderøyken, før iskremen vart ferdig. Etter å ha tilsett 3 forskellige smaksstoff, jordbær, vanilje og sjokolade, var det klart for prøvesmaking.  Og isen fall i smak – det smaka da ikkje nitrogen av isen, men berre vanleg god is.

Rektor ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter, Bjørn Høivik, tykte dette passa perfekt inn i naturfaget på skulen, og var vel nærast det ein kan kalle fysikk på roterommet som vi såg på TV for ein del år sia. Opplegget er både nyttig og lærerikt, og koplar det artig med det nyttige.

Det vart etter kvart mange bilete frå naturfagdagen på Stangvik skule, og vi har lagt ut eit stor bildegalleri som du kan bla i og sjå kva som foregikk på denne uvanlege dagen på skulen.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Først publisert: 13. september 2014, 11:36 - Sist oppdatert: 15. september 2014, 00:02