Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søya vart kvalitetklubb

Søya vart kvalitetklubb

Jon Olav Ørsal Måndag 28. januar 2013

8 nye klubber fikk sin status som kvalitetsklubb i helga etter at eit imponerende arbeid er gjort.  I.L. Søya og Surnadal I.L. var to av dei nye klubbane som fekk sin status for nivå 1.  Dette er ein mipæl for kretsen, seier ledar StigNergård etter utnevninga i helga. Nordmøre og Romsdal Fotballkrets er først i landet med kvalitetsklubbsatsning, og dette har vist seg å være ein stor suksess. Du kan lese meir om dette på nettsida til Nordmøre og Romsdal fotballkrets (NRFK).


Kommunen informerer om vasstilstanden

Kommunen informerer om vasstilstanden

Elinor Bolme Sundag 27. januar 2013

Surnadal kommune kjem med denne meldinga til redaksjonen no i kveld: «Informasjon om vassforsyninga i kommunen: Abbonentar i Stangvik er framleis utan vatn. Det er uvisst når desse får vatnet attende. Vatn må hentast ved aldersheimen. Abbonentar i Todalen har vatn førebels. Mange enkeltbustader og gardsbruk rundt om i kommunen er vasslause. Om nokon treng […]

Les heile saka

På kanten!

På kanten!

Elinor Bolme Sundag 27. januar 2013

Mange har i helga vore på sjøisen i Todalen. Fint ver og tilsynelatande fint føre med tjukk is har gjort Todalsfjorden til ein sosial boltreplass både for todalingane og ellers utabygdes. Men ikkje alle er like forsiktige utpå der. Ved Rossåa settefiskanlegg er det eit stort ope hol i isen der settefiskanlegger har sitt utløp. På ettermiddagen i dag var fleire fiskarar observert faretruande nær iskanten.

Les heile saka

Bjøråa vassverk i stabil drift

Bjøråa vassverk i stabil drift

Jon Olav Ørsal Sundag 27. januar 2013

Problema med tilføring av vatn til Bjøråa vassverk ser ut til å vera løyst. Det er no betre tilsig, og vi reknar med at det no skal bli tilnærma vanleg drift, seier vakthavende på kommunalteknikk Odd Einmo til Todalen.no. Søndag føremiddag var det litt problem med luft i pumpeanlegget, men etter lufting av anlegget og kontrollert oppkøyring igjen, så skal det no være vatn i kranane til abonnentane.

Les heile saka

Magne fikk velfortjent hederspris

Magne fikk velfortjent hederspris

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Laurdag kveld fikk Magne Hansen publikums hederpris på idrettens festkveld i Surnadal kulturhus. Dei øvrige prisane gikk til Andrea Einmo Engdal (taekwondo) som årets utøvar og til Birgith Løseth som Årets ildsjel. Du kan lese meir om drettens festkveld på Driva.no.


Kosa seg på sjøisen

Kosa seg på sjøisen

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Laurdag var det stor utfart på sjøisen. Det var litt kald vind, så det var best å halde seg i aktivitet. Men midt på dagen kom sola på ein visitt og da vart det betydeleg betre. Men det var stor aktivitet på sjøisen i dag, med både fiske, ishockeykamp og grilling. Eit hundretal store og små todalingar sørga i allfall for å halde kvarandre med selskap på denne fine vinterdagen.

Les heile saka

Sikra ferskfisk til middag

Sikra ferskfisk til middag

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Kristian og Frikk er habile fiskarar både sommar og vinter. Dei har no venta lenge på sjøisen, og endeleg vart det sjøis av det skikkelege slaget, og da bar det utpå med snøre og pilk. Laurdag med skulefri vart nytta til heildag på sjøisen. isen ligg no helilt ut til Gjengstøa. Og fisk fikk dei, og  her er dei avbilda med kvar sin torsk, som nok kjem på middagsbordet på Kvennli. Isen er no skikkeleg tjukk og sikker, og det er mange som har nytta finversdagen til å ta ein tur på sjøisen. Det gjeld berre å være litt firsiktig ved elveosane og der som det elles er råker.


Party-time!

Party-time!

Elinor Bolme Laurdag 26. januar 2013

I går kveld fekk ungane i 5.-7. klasse ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter støvet fram frå alle krokar då dei møttest til det årlege nyttårsballet ved Todalen Skule. Dette har vorte eit fast innslag på nyåret, som opprinneleg starta med at stangvikelevane for to år sidan inviterte todalselevane til fest på deira skule. I fjor var todalingane vertskap, medan dei i år samarbeidde sidan dei har felles skule. Nesten 40 møtte fram til noko som er årets høgdepunkt for mange.

Les heile saka

29. juni – da skjer det på Bordholmen, igjen!

29. juni – da skjer det på Bordholmen, igjen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. januar 2013

Sett av 29. juni, for da skjer det på Bordholmen, fortel Knut Bergli i Todalen Idrettslag. Han siktar sjølvsagt til Todalsdagen 2013, som er ei massemønstring av barnefotball for dei aller minste. Rundt 40 lag har delteke dei siste åra, og for mange av dei minste er det nok årets høgdepunkt. Stor fotballmønstring blir det også i år, og i fotballgruppa er dei godt i gang med planleggjinga, fortel Knut Bergli.

Les heile saka

Gymtimen på Bordholmen- med bildegalleri

Gymtimen på Bordholmen- med bildegalleri

Britt Mossing, Todalen og Stangvik Oppvekstsenter Fredag 25. januar 2013

Skuleelevane hadde det kjempekjekt på skøyteisen i går. Både 1.2. 3. og 4. klassen hadde flytta gymtimen til Bordholmen. Ungane likte seg veldig godt, og det var smil og god stemning. Fleire var på skeiser for første gong og det tok ikkje lang tid før dei fekk fart på beina. Nokre fall vart det, men ingen sure miner for det.

Les heile saka

Fornya avtale om fotballsamarbeid

Fornya avtale om fotballsamarbeid

Jon Olav Ørsal Fredag 25. januar 2013

Torsdag kveld var det klart for å fornye avtalen om fotballsamarbeid mellom Kvass/Ulvungen, I.L. Søya og Todalen. Avtalen som vart signert er ei vidareføring av fjorårets avtale, og vil gjelde eit småjentelag (J14), småguttelag (G14), samt seniorlag  i 6-divisjon. Da er det klart at det blir seriekampar både på Bordholmen, Leikvoll og Søyabanen denne sesongen også. Vi er veldig glad for at dette gikk i orden, slik at det gode forballsamarbeidet kan fortsette, seier Knut Bergli som representerte styret i Todalen idrettslag.


Bjøråa vassverk – framleis dårleg vasstilsig

Bjøråa vassverk – framleis dårleg vasstilsig

Jon Olav Ørsal Fredag 25. januar 2013

Surnadal kommune melder at situasjonen framleis er vansleleg for vassforsyninga frå Bjøråa vassverk som dei driftar. Kommunen har i dag, utan særleg hell , undersøkt mulegheita for å auke tilsiget til brønnen. Slik situasjonen er fredag ettermiddag, vil abonnentane vil tidvis kunne tappe vatn, men vil vere utan vatn i den tida det tar å fylle brønnen igjen. Om det blir nødvendig vil kommunen køyre ut vasskonteinar som det kan tappast frå. Kommunen melder at dei vil halde ekstra høg beredskap gjennom helga. Vakthavande kan nås på tlf. 416 35 388. Sjå også nettstaden til Surnadal kommune.