Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med Lars Magnar som kjentmann til Svorka – oppdatert

Vidar Sogge Fredag 5. september 2014

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 4. september i Svorka i Bæverdalen. Lars Magnar Bævre fortalde om Svorka, og kven kunne passa betre til dette enn nettopp han? Foreldra hans kjøpte nemleg Austistua to år etter at Lars Magnar var konfirmert, og han var sjølv eigar av garden frå 1971 til 2009.

Han fortalde at før det vart veg over Nordmarka, gjekk mykje av trafikken mellom Valsøybotn og Surnadal gjennom Holtaskaret, forbi Svorka og over Nordmarka. Nemnast kan òg at Svorka den tid sokna til Øye kyrkje, ein temmeleg lang kyrkjeveg! Det vart òg tid til å friska opp nokre ”Svorkaskrøner”. Etterpå starta turen til Bjorvollen, som er ein av Stikk UT-turane i år. Matpausen tok vi ute i det fine vêret da vi kom attende til Svorka. Mange takk til noverande eigar av Svorka-gardane, som let oss ha parkering og base her oppe, og til Lars Magnar Bævre for ei interessant orientering om Svorka.

Neste veke møtest vi ved parkeringsplassen til Todalshytta. Marsjen går langs elva, over «Phillips-brua” og til Ramsøya. Matpausen ved Todalshytta. Alle er velkomne til å bli med. Fotty: joggesko. Ta gjerne med stol.

Nedafor finn du mange fine bilete frå turen til Svorka.  Fotograf er Vidar Sogge

 

Først publisert: 5. september 2014, 15:38 - Sist oppdatert: 6. september 2014, 17:11