Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott nordlys i helga…

Jon Olav Ørsal Måndag 15. september 2014

Rett før helga var det stor aktivitet på sola, og natt til laurdag og natt til søndag var det varsla stor nordlysaktivitet. Jon Are Husby hadde fått med seg det, og natt til laurdag hadde han rigga seg til med kamera, stativ og fjernutløysar.

NordlysJAH_5594_L

Det var stor aktivtet og himmelen var ein flott skue utover natt til laurdag. Foto: Jon Are Husby

Utover natta var det utruleg til aktivitet på todalshimmelen og det vart knipsa utruleg mange fine bilder frå fritidsboligen på Bakketun og mot nordvest over Bruset.

Publisert: 15. september 2014, 11:45