Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Haustens program for Senioruniversitetet

Elinor Bolme Fredag 12. september 2014

Skihistorie og fyndig språkbruk står på programmet for Senioruniversitetet for Indre Nordmøre  no i haust. Det første møtet skal vere på det nyopna skimuseet i Rindal allereie onsdag  17.september kl 11:00. Mange har kanskje vore der og vorte imponert, men for dei av både rindalingar, surnadalingar og halsalendingar som enno ikkje har vore der enda er dette ei fin anledning til å oppleva museet. Senioruniversitet vil få både omvising og kaffe og hyllkak – og høve til å friske opp mange minne frå gamle dagar.

Seinare i haust, 29.oktober, kjem språkforskar, ordbokredaktør, folkemusikar og sunndaling Tor Erik Jenstad. Nøyaktig tittel på det han skal snakke om, er ikkje avklart enno. Men mange kjenner Jenstad som ein fyndig og slagferdig språkforskar, så det blir sikkert også ei  interessant økt. Detaljert infomasjon om møta følgjer etter kvart – men sett av dagen anbefaler Eivind Hasle.

Sjå plakat her:Skikultur og skihistorie

Først publisert: 12. september 2014, 16:00 - Sist oppdatert: 11. september 2014, 23:07