Frå 1. oktober tok Anna Britt og Palmer og Vikan over Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå etter Ragna og Ivar Meisingset, som hadde halde på i heile 36 år. I mellomtida har Anna Britt og Palmer lånt den gamle gravferdsbilen deira, medan dei har venta på levering av ny bil. Den var lova til jul, og for eit par dagar kunne Palmer hente den nye bilen hos Sveen Auto i Surnadal.
Les heile saka
I samband med jula er det behov for å justere opningstidene ved Matkroken L. Hals. Denne veka er det normal opningstid for butikken – fredag 09-18, laurdag 09-16 og søndag kioskope 16-18. Måndag 22. er det også vanleg opningstid 9-18, medan det tysdag 23 (lille julaftan) er langope 9-19 og julaftan 24. er opningstida 9-13. Drivstoff frå HalsOil kan fylle døgnet rundt i heile jula.
Les heile saka
Ei betre julegåve kunne vi knapt ha fått på Kårvatn Fjellustyr, seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no. Denne veka vart avtale med Norges skiforbund underskriven. Både landslaget for Randonee- og Telemark skal representere Norge med klær frå nettopp Kårvatn Fjellustyr. I februar ventar nytt NorgesCup-arrangement……
Les heile saka
Margit og Petter Nordvik har forlengst tennt på julelysa i Heggøyann. Dei brukar fritidsboligen i Heggøyan mykje, og i år er det 9. året dei feirer jul i her. Dei har pynta opp med mykje utvendig julelys kring huset, og når du køyrer innover til Brusetmarka er lyser det godt opp – og i alle farger og det blir litt meir lys for kvart år.
Les heile saka
Då er vi klare for å presentere vinnaren av månadens bilete for november, og nest siste kandidat til avstemninga for årets bilete 2014.
Les heile saka
Både ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter har det dei siste vekene vore intens øving fram mot vekas høgdepunkt, nemleg juleavslutning. Stangvik oppvekstsenter gjorde unna si tirsdag kveld, medan dei i Todalen hadde si markering i går kveld.
Les heile saka
Denne veka starta sceneøvinga for julerevyen «Juledrønn» i Ungdomshuset. Revyen kjøres 3. juledag, og det er no klart at det blir 2 førestillingar – ei på ettermiddagen kl 16.00, og hovudførestillinga kl 20.00 på kvelden. Billettane er komne i sal på Matkroken L.Hals.
Les heile saka
Denne gongen er det koret VOX som skal ha julekonsert i Stangvik kyrkje kommande fredag 19/12 kl. 19.00. Med seg har dei kjente namn som Hedda Hansen Berg, Sigrid Vetleseter Bøe og deler av Møremusikerne.
Les heile saka
Da er vi klare med desember og årets siste blogger.
Les heile saka
– Kom og syng julesongar med orkester! oppfordrar Åsskard Kyrkjekor og Todalskoret. Søndag blir det «Julehøgtid» med korsong, solistar og allsong – med kammerorkester – i Åsskard og Todalen kyrkjer. I Åsskard kyrkje er det konsert kl 16.00 – i Todalen kyrkje kl 20.00
Les heile saka
Vi er klare med tredje vinneren av adventsquizen. Og med fasiten som sikkert mange venter på.
Les heile saka
I august reiste Jan Vidar Øyen til Canada for å fortsette studiene der. Han bur i byen Kamloops, der han er utruleg nær naturen og trivs godt med det. No har han sendt oss eit reisebrev, der han fortel litt om livet i Kamloops i deltaten british Colombia i Canada og han har sendt med nokre bilde som vi legg ut i galleriet nedafor reisebrevet.
Les heile saka