Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Illustrasjonsfoto

Utforkjøring i går kveld

Jon Olav Ørsal Sundag 17. november 2013

I følge politiloggen var det ei utforkjøring i Todalen seint i går kveld, der føraren vart sendt til Orkdal sjukehus med lettare skade. Det er mistanke om promillekjøring. Vi kjenner ikkje fleire detaljar i saka.


Normal straumforsyning i Todalen, unnateke Todalsøra

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. november 2013

Etter vel ein halvtimes straumbrot ser det atter ut til å være normal straumforsyning i store deler av Todalen. Todalsøra er framleis utan straum, på grunn av vindfall over linja. Svorka er på staden for å utbetre linja, og reknar med at feilen skal være retta ganske snart. Straumbrotet skjedde i 21.30-tida laurdag kveld.

Les heile saka

Straumbrot i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. november 2013

Ved 21.30 tida vart det straumbrot i Todalen. Det er ukjent kva som er årsak, om det er lokal eller om det er over eit større omrråde. Vi kjem att så snart vi veit meir om straumbrotet.

Les heile saka

Biskop Ingeborg Nordtømme kjem på bispevisitas denne veka. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Bispevisitas i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. november 2013

Neste veke er det bispevisitas i Stangvik og Surnadal. Programmet for visitasen ommfattar heile veka frå søndag til torsdag, og blir avslutta med visitasgudsteneste i Øye kyrkje neste søndag. Bispevisitasen startar med viitasgudsteneste i Stangvik kyrkje før turen går til Todalen

Les heile saka

Ingen tvil om at det snart er jul! Foto: Jon Olav Ørsal

Jula kryp innpå oss ….

Jon Olav Ørsal Fredag 15. november 2013

Julehandelen nærmar seg med stormskritt. Julemarsipanen har vore på plass i butikkane lenge, og no er det nok mange som alt har julegåvene på plass. Julemessa i Rindal er overstått, og det er sikkert messe ein eller anna plass i helga, og neste helg er det på Nordvik og siste helga i november er det […]

Les heile saka

Bokkveld for liten og stor

Elinor Bolme Fredag 15. november 2013

I går kveld arrangerte FAU og Todalen bibliotek eigen bokkveld, der det naturlegvis var ope for lån av bøker, men også ei høveleg anledning til å bli kjent med biblioteket og kva det har å by på. Karen Johanne Talgø dreiv for fullt å organiserte bortimot hundre nye bøker som denne dagen hadde komme frå biblioteket i Surnadal.

Les heile saka


I kveld: Bokkveld på biblioteket

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. november 2013
Todalen bibliotek og FAU arrangerer bokkveld 14. november i tidsrommet 18 – 19.30. Kom og gjer deg kjent på biblioteket. Vi ønskjer alle, og spesielt den yngre garde velkomen denne kvelden. Vi håper at alle kan finne ei bok dei har lyst til å lese.   Alle er velkomne!

Landsrenn i Norges Cup på Kårvatn

Elinor Bolme Torsdag 14. november 2013

Todalen Idrettslag har også i 2014 fått tildelt eit landsrenn i Norges Cup randonne. Sidan dei siste åra har hatt litt problemer med snømengdene, har idrettslaget denne gongen fått tildelt datoen 15. mars 2014. I følge Norges skiforbund si nettside er påmeldinga allerede i gang

Les heile saka

Hjortfesta – billettsalget har starta

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. november 2013

Laurdag 7. desember blir det Hjortfest i Todalen ungdomshus. Det er Todalen idrettslag som er arrangør, med Talgø & Kårvatn jaktlag som vertskap. Billettane til festa er lagt ut for salg på Matkroken L.Hals, og det er lurt å sikre seg billett fortel festsjef Ragnar Halle.

Les heile saka

Årsmøte – Søya og Todalen skytterlag

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. november 2013

Søya og Todalen skytterlag minner om årsmøtet hos HammerStuene på Surnadalsøra tysdag 26. november kl 19.00. På saklista står vanlege årsmøtesaker, står det i ei melding frå styret.

Les heile saka

Ferjekaia demontert – Takk for lånet!

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. november 2013

Måndag starta demonteringa av den provisoriske fergekaia i Todalen. Den vart etablert i begynnelsen av august i år, ei vekes tid etter at raset ødela fylkesveg 671 inn til Todalen. Den gjorde så tjeneste til begynnelsen av september, da vegen vart opna for kollonnekjøring.

Les heile saka