Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar på att med trim…

Jon Olav Ørsal Måndag 6. januar 2014

Trimmarane startar på igjen denne veka. Tysdagar er det barneleik og gubbetrim, medan dametrimmen fortsett sin aktivitet på torsdagar som før. Det skjer i gymsalen på Todalen oppvekstsenter i regi av Todalen idrettslag. Sjølvsagt er det gratis å delta.

Les heile saka

Næringslivsdag – påmelding seinast 14. januar

Jon Olav Ørsal Sundag 5. januar 2014

Torsdag 16. januar arrangerer Surnadal Sparebank sin populære Næringslivsdag, der dei kan by på eit breitt og variert program med kjente foredraghaldarar som Kristin Skogen Lund, Jørgen Skavlan, Jan L. Andreassen, Geir Kjersen og Ivar Kotheim. I tilleg får vi høre Marte Helgetun som fortel om si gründerversemd «Design by Marte Helgetun».

Les heile saka

Ny kraftledning vil passere Todalsfjorden

Jon Olav Ørsal Sundag 5. januar 2014

Ei ny 420 kV kraftledning som er planlagt frå Klæbu til Viklandet i Sunndal vil passere Todalsfjorden ved Svinvika. Etter som vi forstår skal den nye linja erstatte 300kV-linja som går på denne strekninga i dag, og kjem stort sett til å følgje denne traseen. Tysdag kveld 7. januar kl 19.00 blir det folkemøte og orientering om saka. Det skjer i kommunestyresalen i Surnadal.

Les heile saka

– Og synnåvêret fortsett utover januar…

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. januar 2014

Vi har etterkvart vorte vant til synnåvêr og varmegrader. Vêrtypen ser ut til å fortsette utover i januar, og på langtidsvarselet til yr.no ser vi ut til å få sør- og søraustleg vindretning i hele neste veke og meir til.

Les heile saka

Breiband skapte betalingskrøll

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. januar 2014

Problem med tilgang til breibandsleveransen skapte laurdag betalingskrøll i kassa på Matkroken. Den siste tida har breibandet vore ustabilt, og det har nok samanheng med arbeidet som Svorka Aksess held på med i forbindelse med oppgradering av nettet. Spesielt var det betalingsterminalen som skapte krøll, slik at dei måtte kjøre på reserveløysinga med kvittering.

Les heile saka

Info til aktivitetskalenderen

Jon Olav Ørsal Fredag 3. januar 2014

Vi saknar info til aktivitetskalenderen for etterjulsvinteren. For at alle skal få best muleg informasjon om kva som skjer i bygda utover vinteren, ber vi om at lag og organisasjonar og eventuelt andre sender oss ein e-post med slik info. Da vil vi legge inn informasjonen på dato, og det vil vises i aktivitetkalenderen.

Les heile saka

Rune Gjeldnes – I fotspora til Jan Baalsrud

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. januar 2014

I neste veke er det premiere på dokumentaren «I Jan Baalsruds fotspor: Katastrofen i Tafjord». Det skjer onsdag 8. januar, og er ein dokumentar om krigsheltens dramtiske flukt i 1943. I denne dokumentaren vil vi nok treffe kjentfolk, da det er elitesoldatane Rune Gjeldnes og Ronny Bratlie som skal «kopiere» turen kan vi lese i førehandsomtalen på NRK.no

Les heile saka

Takk for besøket!

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. januar 2014

På denne dagen må vi berre takke deg for besøket i 2013. Dere var mange som «stakk innom» oss på besøk i løpet av året. Todalen.no hadde i løpet av 2013 heile 343.483 besøk på nettsida, og dette er ein auke på 25,6% samanlikna med 2012.

Les heile saka

Nyttårsbad i vårlege omgivelser

Elinor Bolme Tysdag 31. desember 2013

Tradisjon tru, så er det eit knippe isbadarentusiastar som opprettheld det som no må kunne seiast å vere ein tradisjon nyttårsaften. Da treffest dei for ei kjapp dukkert i todalsfjorden og prisar nytt år velkommen. I år er nok kanskje «isbading» å ta hardt i, da det var i overkant av 5 plussgrader i lufta.

Les heile saka

Godt nyttår!

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. desember 2013

I dag er det nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje kl 16.00. Denne gongen er det takkoffer til Kyrkjebladet.  Vi i redaksjonen vil samidig takke alle våre lesarar for eit år som har vore rikt på opplevingar. Takk til alle som har ytt bidrag med mange fine bilete og anna stoff, som har gjort at nettsida har hatt ei fantastisk utvikling i lesartal.

Vi ønskjer alle Godt nyttår!


At det går an å gjera slikt?

Jon Olav Ørsal Måndag 30. desember 2013

Det er Sven Olav Svinvik som seier det, når han peiker ned på 6-7 gamle vindu som ligg slengt mellom gammelvegen og sjøen i vika innafor kammen. Nokon har rett og slett stoppa og lempa ein heil palle med gamle vindu nedover skråninga mot sjøen. På eit par andre plassar var det også hiva fleire sekkar med søppel, som ein av dei andre grunneigarane i område har rydda bort i dag.

Les heile saka

Snart er vi klare for nyttår…

Jon Olav Ørsal Måndag 30. desember 2013

Når rakettane kjem i butikkhyllene er det eit sikkert tegn på at vi nærmar oss nyttår med stormskritt. Det er ikkje noko unntak på Matkroken L.Hals, der det har vore eit bra rakettsalg i romjula, så det blir nok ei skikkeleg markering av nyttåret i Todalen.

Les heile saka