Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalslista på plass

Ole Petter Talgø Tysdag 26. november 2013

Då har vi endelig fått på plass Todalslista, etter eit års fråvær. Du finn den under menyen «Om Todalen» i toppen. Ta gjerne ein tur innom og sjå om du er oppført med korrekt adresse, og korriger den hvis du ser at noko er feil.

Les heile saka

Sikringsgjerdet: – jobben er gjort!

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. november 2013

Måndag vart monteringa av sikringsgjerdet ferdig – jobben var gjort for dei tre karane frå Bjerkvikfirmaet Betongrenovering Drift AS. Jobben har gått radigt, og dei har bruka 5 arbeidsveker på jobben med å sette opp det 6 meter høge sikringsgjerdet like ovafor vegen på rasstaden. Det er no gått 4 månader sia raset tok med seg ein bit av fylkesveg 671 ned på havets djup. Det skjedde onsdag 31. juli ca kl 9,45.

Les heile saka

«Messias» – årets konsert?

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. november 2013

Merk dykk tid og stad: Laurdag 30. november kl. 16 byr Stangvik kyrkje på årets konsertoppleving! Så å seie rett frå ovasjonar og fulle katedralar i Polen kjem Kristiansund Kammerkor med profesjonelt barokkorkester og framfører G.F. Handels knallsuksess «Messias».

Les heile saka

Laurdag: Ungdomshuset fullt av julestemning!

Jon Olav Ørsal Måndag 25. november 2013

Førstkomande laurdag er alle lokale nisseverkstader samla til «fabrikkutsalg» i Todalen ungdomshus. Dei opnar dørene kl 11, og held ope til kl 16. Det er Elinor og Kristine som har drege i gang denne julemessa, og dei har fått med seg dei fleste lokale aktørane i bransjen, og på plakaten er det stilt garanti for god julestemning.

Les heile saka

Regn og mildvêr i vente dei neraste dagane

Jon Olav Ørsal Måndag 25. november 2013

Det vil i løpet av neste døgn kome ein relativt stor nedbørmengde i distriktet . Saman med stigande temperatur kan regn og snøsmelting føre til raskt stigande vassføring og lokal oversvømming, med NVE i sitt flaumvarsel for 26. november. Det er difor viktig at vannvegar som slukar, kulvertar og stikkrenner blir haldne opne.

Les heile saka

4-2 – Det vart Moldes dag!

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2013

I Todalen ungdomshus har det vore Cupfinale med stor stemning. Kampen blir vist på storskjerm, og eit trettitalss supportarar fulgte overføringa frå Ullevål stadion.

Les heile saka

Skikkeleg «mimredag» i historielaget

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2013

Det vart ein skikkeleg mimredag for dei som møtte opp på Todalen historielags lansering av årsskrift for 2013 og utstilling av gamle flyfoto. Årsskriftet fanga stor interesse, og det vart både blaing og lesing og reinaste «husker du»-stemning for dei 50-tals frammøtte. Vidare utover dagen vart det sett fokus på utstillinga av gamle flyfoto, der det var kome inn eit stort antall og med variasjon i både alder og motiv.

Les heile saka

Julemessa – Mange trossa vêret og kom….

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. november 2013

Laurdag ettermiddag var det i allfall ikkje finvêret som lokka folk til Nistua på Nordvik på julemesse. Initiativtakar Torunn Nordvik var sjølvsagt skuffa over at det skulle bli regn og blåst, og berre 3-4 varmegrader når ho arrangerte julemesse. Men folket strøyma på og det var skikkeleg messestemning både i Mastua, stabburet og på utestandane.

Les heile saka

Kvanne – Rykkjem – ferjetrafikken har starta på igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. november 2013

Fjord 1 melder at ferjesambandet Kvanne – Rykkjem er opna igjen, men at reisande må rekne med avvik frå oppsett ruteplan ein kort periode. Ferjetrafikken stoppa opp ein kort periode laurdag ettermiddag, på grunn av dårsleg vêr.


Laurdag: Utstilling og bokbad

Jon Olav Ørsal Fredag 22. november 2013

Vi har tidlegare skrive om utstilling av flyfoto og presentasjon av årsskriftet for 2013. Det skjer laurdag ettermiddag (23.11) i Todalen ungdomshus, med start på programmet kl 14.00. Torsdag kveld var det innsamling av flyfoto, og alt etter en times tid var det kome inn mange gamle flyfoto. Det var foto heilt attende til først på 1900-talet og framover til nyare tid. Det skal bli arti å sjå når dei kjem på veggen i Ungdomshuset.

Les heile saka


Produserer for Volkswagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2013

Foreløpig handlar det ikkje om produksjon av bilar ved Talgø Møbelfabrikk, men platene til dørken i lasterommet på WV Caddy og den nye transporteren WV T5 blir faktisk laga der. Talgø har fått ein langsiktig avtale på slik produksjon, og det passar godt til ledig maskinkapasitet, fortel produksjonleiar John Moe.

Les heile saka