Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

4H-møte torsdag

Elinor Bolme Onsdag 25. juni 2014

Torsdag kveld klokka 18 er det samling i Skulstuå for alle 4H’arar i Todalen. Då blir det litt styresaker, framdrift med prosjektoppgåver, planlegging av haustprogramm og ikkje minst servering av pizza.

Les heile saka

Dugnad på fleire frontar

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. juni 2014

Tysdag kveld var det slåttadugnad på Bordholmen. Tradisjonelt er det finpuss av anlegget før Todalsdagen, og det «surra» i kantkløpparar frå alle kantar da dugnaden stod på sitt høgste. Inne i klubbhuset var det også arbeid med rigging av kiosken og grillutstyret slik at ein kan utnytte full kapasitet på både produksjon og salg av mat og drikke utover laurdagen, når over 400 spealar med tilhørande støtteapparat og supportere må ha påfyll av energi.

Les heile saka

Roleg sankthansfeiring

Elinor Bolme Tysdag 24. juni 2014

Fort og skart vart det organisert tradisjonell sankthansfeiring på Bordholmen i går kveld. Oppmøtet vart nok desverre også deretter, men dei som kom, hadde det sosialt i lag. Terje Nordvik hadde ordna med varm grill, som alle kunne benytte seg av. Ellers var naturlegvis dei populære trøbilane tilgjeneleg for ungane.

Les heile saka

Strømutkopling torsdag kveld/natt

Elinor Bolme Tysdag 24. juni 2014

På grunn av nødvendig arbeid på linjenettet, blir det strømutkobling torsdag 26.juni fra kl 22.00 til fredag morgen 27.juni kl 07.00 på følgende strekninger: Ranes, Kvendbø, Østbødalen, Stangvik, Torvik, Todalen og Kårvatn. Svorka beklager dette og håper det ikkje fører til alt for stor ulempe for dei berørte.

Les heile saka

536 km på 40 dagar

Elinor Bolme Måndag 23. juni 2014

Todalsungdommane Emil Haugen Ansnes, saman med kjærast Erika Kårvatn Moen og hennar søster Ane tar i morgon fatt på sommarens høgdepunkt; ei kryssning av Norge på tvers. Mor og svigermor Jorid Haugen Ansnes leverte ungdommane no i kveld ved Femundsmarka og første overnatting blir på ein camping i nærheten der.

Les heile saka

Pakkar du rett?

Elinor Bolme Måndag 23. juni 2014

Todalen barnehage har eit samarbeid med Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Hensikten er å kunne formidle temaer som innebærer tryggheit for små og store. Dei sender ut e-post til barnehagen, som igjen videresender til foreldre og ansatte. Sidan det no er ferietid og mange driv med pakking av utstyr i bil kan det kanskje vere av interesse at flest muleg får ei lita påminning om kva som er lurt og ikkje.

Les heile saka

Teikning, form og farge.

Elinor Bolme Måndag 23. juni 2014

Skuleelevane har no teke velfortjent sommarferie, men før dei reiste heim pussa gutane i 5. og 6. klasse opp uversskuret ved Todalen Oppvekstsenter. Dei dekorerte innvendig med inspirasjon av livet i havet. Og resultaet vart imponerande. Foto er frå Todalen og Stangvik Oppvekstsenter si facebookside. Ei side der dei legg ut bilder frå smått og stort som elevane held på med igjennom eit skuleår.

Les heile saka

St. Hansfeiring på Bordholmen – grillparty

Jon Olav Ørsal Måndag 23. juni 2014

Det blir i kveld felles St. Hansfeiring på Bordholmen frå kl 18 og utover kvelden. Vêrgudane held på og kjem i godlage, og lovar betre vër utover ettermiddagen og kvelden, fortel arrangementskomiteen som er Terje Nordvik og Knut Bergli.  Todalen idrettslag stiller med varm grill og publikum tek sjølv med seg grillmat, og trøbiler og andre fasilitetar stilles til disposisjon for borna.  Velkomen til St. Hansfeiring!


Fyldig kornåker av eldre dato

Elinor Bolme Måndag 23. juni 2014

Frå Todalen Historielag sitt arkiv har vi dag eit bilde frå Øraekra. Her ser vi kornstaur på fleire ekrer rundt vegen, og dein riktig så fin og fyldig koråker på nersida av vegen. Bebyggelsen er Holmen til venstre og Halsen (Elveset), Sentralen (Vollan) og Evjebakken (Solbakken) på høgre side.

Les heile saka

Toåa var flaumstor…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. juni 2014

Ein kombinasjon av mykje nedbør og smelting av nysnø i fjella førte til stor vassføring i Toåa søndag morgon og utover føremiddagen. Vassføringa på målestasjonen ved Storfossen var på topp i 6.30-tida, med 55,7 m3/sek, men har sia går jamnt nedover.

Les heile saka

Dugnad før Todalsdagen

Elinor Bolme Sundag 22. juni 2014

Tirsdag melder styret i Todalen IL om at det arrangeres dugnad på Bordholmen. Da skal garderobar vaskast, redskapsbod ryddast og graset på heile området klippast. Møt opp klokka 18 med høveleg reiskap!

Les heile saka

Skihytta: Terrasse på dugnad

Jon Olav Ørsal Sundag 22. juni 2014

I helga har det vore snekkardugnad på Skihytta. Ny terrasse stod på programmet, og dugnadsgjengen trossa reg- og snøvêr for å få gjort unna snekkararbeidet. Det er Todalen I.L. som eig skihytta og arbeidet har vore planlagt til denne helga. Det var også planlagt beising og målingsarbeid, men det må nok vente til det blir betre vêrtilhøve. Vi har fått e-post og bilder frå Terje Nordvik som er ledar i hyttestyret, og han skriv:

Les heile saka