Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

52/17 Søndagsturen – til Vassdalen denne gangen

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. oktober 2015

Denne søndagen går turen til Bæverfjord og videre til Vassdalssetra. Du kjører til Bæverfjord og tar av oppover Bæverdalen ca 14 km før du parkerer og finner stien og stikker til skogs. Bla videre og finn mere informasjon om turen og turopplegget.

INFORMASJON FRA 52-17 SØNDAGSTUREN:

Parti fra fra Vassdalen. Foto: Norunn Holten

Turnavn: Familievennlig setertur til Vassdalen – Søndagstur i Surnadal
Tursted: Vassdalen i Surnadal kommune
 Oppmøtested: Ved ei bru mellom Hallmyra og Toresetra i Bøverdalen. Køyr til Bæverfjord. Ved Bæverfjord samvirkelag tek du av inn på fylkesveg 329 som går oppover Bøverdalen (mot Toreseter). Frå krysset køyrer du ca. 14 km oppover dalen. Du passerer Hallmyra der fjøset ligg tett inntil vegen på nerside og våningshuset ligg rett ovanfor. Nokre hundre meter etterpå kjem du til ei lita bru med ein parkeringsplass tett inntil på øversida av vegen. Her parkerer du bilen.
PARKERINGSPLASS: P-plass er ikkje skilta, men den ligg like ved vegen og representantar for arrangørane vil møte deg der.
Dato og tidspunkt: Søndag 11.10.2015 fra klokka 12.00 til ca. kl. 15.00, avhengig av kor lenge vi ønskjer å opphalde oss ved turmålet.
Turbeskrivelse: Vi følgjer ein sti som går rett oppover frå der vi parkerer. Stien følgjer elva opp mot Vassdalssetra. Den er ganske bratt, men går til gjengjeld i relativt tørt terreng. Vi tek ein rast ved Vassdalssetra før vi tek ein avstikkar inn til Vassdalsvatnet, ca. ein halv kilometer å gå. Denne avstikkaren går i flatt terreng. Ved seterstølen kan vi velje om vi vil gå ned igjen same veg, eller om vi vil følgje to andre mulege returruter. Dei to andre vegane ned er litt lengre, men ikkje fullt så bratte. Uansett vegvalg kjem du ned på fylkesvegen igjen like ved der du parkerte.
AKTIVITETER: Viss været tillet det, tenner vi bål ved Vassdalsvatnet. Vi tek med svartkjel, du tek med mat og drikke.
Oppmøtested: 63.08117º N, 8.83600º Ø (WGS84 desimal)
Turmål: 63.09544º N, 8.82013º Ø (WGS84 desimal)

Kontaktperson: Norunn Holten – Bæverfjord IL: 90 31 60 77

Først publisert: 8. oktober 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 7. oktober 2015, 22:43