Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Verdi, takst og vurdering. Kva er kva, og når er kva å anbefale?

Elinor Bolme Onsdag 7. oktober 2015

Takstering av bolig og eiendom er for mange noko ein skjeldan kjem borti da livssituasjojnen kan være forholdsvis uendra i det lange løp. Men av og til skjer endringar som gjer at ein for eksempel ønsker å selgje ein bolig, eller få takst for å få betre lånevilkår. I den anledning har vi fått litt informasjon frå takstmann Nils Håvar Øyås på Nordvik omkring denne tematikken.

Han fortel at ein autorisert takstmann gjer fleire typar takstar i forbindelse med kjøp og salg av eiendom. Verdi- og lånetakst og boligsalgsrapport. Verdi og lånetakst er beregna for oppgjør ffor eksempel ved arv, skilsmisse og så vidare, der både eigar og kjøpar kjenner eigedomen. Boligsalgsrapporten er ein tilstandsrapport som er beregna spesielt i forbindelse med kjøp og salg av eiendom i eit åpent marked. Dette er ein teknisk gjennomgang der ein kan avdekkje boligens tilstand.

Desse to takstane må ikkje forvekslast med ei meglarvurdering som ein kan få frå til dømes ein bank. Meglarvurderinga er ei gjennomgang av boligen for å utarbeide ein så hensiktsmesssig pris for eigedomen for selgaren, ikkje ein gjennomgang på feil og manglar. Øyås fortel at Forbrukerrådet no anbefalar å bruke ein boligsalgsrapport utarbeida av ein uavhengig og sertifisert takstmann. Derfor kan det være lurt å ta kontakt med ein lokal takstmann om du skal selge boligen din. Lokalkunnskap er eit viktig kriterie når ein skal sette verdi og vurdere tilstanden av ein bolig avsluttar han.

Klinkelule

Faksimile frå Tk 10. september 2015.

Ønsker ein derimot ein gjennomgang med banken for eventuell refinansiering av lån er meglarvurderinga av bankens eigen meglar godkjent av banken. Forvirra? Gå inn på heimesida til Takstmann Håvard Øyås eller Forbrukrrerådet og les meir!

Først publisert: 7. oktober 2015, 05:10 - Sist oppdatert: 6. oktober 2015, 09:27