Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Solidaritetskonsert

Elinor Bolme Fredag 9. oktober 2015

Tysdag kveld kling allsong, korsong og tasteinstrument i Stangvik kyrkje. Tonekvelden er ein solidaritetskonsert til inntekt for flyktningesaka. Stangvik Jentekor, Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor syng eit variert korprogram – frå barneviser til Bach og Handel. Ein av jentekorets songar er også dramatisert.

Tonekveld STV c Hedda H Berg

Kveldens gjest Hedda Hansen Berg spelar klaver – kva stykke får den høre som møter fram. Organist Bernt G. Bøe framfører bryllaupstonar og akkompagnerer kor og allsong. Allsong frå salmeboka er ein hovudpost på programmet.

 

Det er håp om ein dugeleg kollekt til flyktningesaka. Den opprinneleg tittelen på programmet er difor endra frå «Song og salmeskatt» til «Song og solidaritet». Soknerådet spanderer kveldskaffe.

Plakat 2015 10 13

Først publisert: 9. oktober 2015, 03:46 - Sist oppdatert: 8. oktober 2015, 17:51