Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kva tenker Putin – og kvifor?

Elinor Bolme Torsdag 8. oktober 2015

Dette er temaet når Per Egil Hegge (75) besøker Indre Nordmøre Senioruniversitet og Kulturhuset i Surnadal 14. oktober. Hegge er ein veteran i norsk presse og kjem med kåseriet  «Kva tenker Putin – og kvifor?». Han er nordtrønder med universitets-utdanning i russisk, engelsk og statsvitskap, med 43 års arbeid i Aftenposten, m.a. som redaktør i Aftenposten og for A-magasinet. Han har også vore korrespondent både i Washington, London og Moskva.  Han vart utvist frå Sovjetunionen så tidleg som i 1971. Han er også ein aktiv riksmålsmann og språkkritikar, som samtidig stadig er fast spaltist i nynorskavisa «Dag og Tid», og han har i tillegg gitt ut eit 20-tals bøker.

PerEgil_10_web

Putin og Russland er i dag meir aktuell i samfunnsdebatten og media enn på lenge. Styret i Senioruniversitetet vonar det er mange som vil nytte høve til å høyre vurderingane til den aktive og erfarne pensjonisten!

Sjå heile plakaten her: Kåseri Kva tenkjer Putin – og kvifor?

Publisert: 8. oktober 2015, 17:20